Hopp til innhold

Millioninvestering i verftet: – Vitnar om optimisme og framtidstru

Verftet på Larsnes har gjort store investeringar for framtida, og merkar allereie resultat. Organisasjonen Norske Skipsverft rosar satsinga.

Rostein-båt i dokkhallen på Larsnes Mek

I dokkhallen på Larsnes Mek ligg denne Rostein-brønnbåten no. Det er god plass i hallen og gode forhold for vintervedlikehald av fartøya.

Foto: Arne Flatin / NRK

Inne i tørrdokka på Larsnes Mekaniske verkstad går arbeidet for fullt. Det er sveising og reparasjonar. Folk går rundt med eit lite smil om munnen, truleg glade for at dei slepp å vere ute i kulde og nedbør.

Utandørs denne dagen er det snøbyer og kuldegrader. Då er det godt å vere inne.

I dokka ligg Rofjell, eitt av dei mange fartøya til reiarlaget Rostein. Morselskapet Rofisk AS eig nesten 70 prosent av verftet etter eit oppkjøp i 2014.

Det skal gjerast ei større ombygging av denne båten, men stort sett skal dokka brukast til korte oppdrag som vedlikehald og klassing.

Dette viser at den maritime næringa greier seg godt og satsar også i tøffe tider.

Dokkhallen på Larsnes Mek ruvar godt i terrenget

Også på avstand, her frå Drageskaret, ruvar den nye dokkhallen til Larsnes Mek godt i terrenget

Foto: Arne Flatin / NRK

Stor pågang frå nye kundar

Investeringane er gjort i ein svært stor dokkhall på verftsområdet på Larsnes. Her kan dei 19 ulike fartøya til brønnbåtreiarlaget Rostein frå Harøya få vedlikehald i den stille perioden, no på vinteren. I tillegg er det laga til nye kaier på verftet som også gir mange fordelar.

Det er no ti år sidan Rostein vart ny eigar av Larsnes Mek, som har spesialisert seg på bygging av nettopp brønnbåtar og fiskebåtar. Men det er mykje anna som må gjerast også på ettermarknadssida. Mellom anna vedlikehald, ombygging og klassing.

Jarle Gunnarstein er adm.dir på Larsnes Mek

Jarle Gunnarstein er adm.dir. på Larsnes Mek.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har merka ein stor pågang av fleire kundar etter at tørrdokka stod ferdig. Det seier Jarle Gunnarstein som er dagleg leiar ved verftet.

Han seier dei har vorte kontakta av reiarar frå Færøyane, Skottland og Shetland i tillegg til nye kundar frå nærområdet.

No når prisane har gått opp er det venta at det vert færre nybygg ved verftet i den næraste tida, seier Gunnarstein. Dokkhallen gir verftet fleire bein å stå på.

Likevel er det høg aktivitet framover.

– Vi har fullbooka dokka fram til ferien. I tillegg er det eit nybygg som skal leverast i mai/juni i år. I tillegg kjem det endå eit nybygg etter ferien som har levering i februar 2025, seier han.

Har ønskt ein slik dokkhall i 30 år

Odd Einar Sandøy, eigar og konsernsjef i Rostein frå Harøya.

Odd Einar Sandøy, er eigar og konsernsjef i Rostein. Morselskapet Rofisk AS eig nesten 70 prosent av aksjane i Larsnes Mek.

Foto: Arne Flatin / NRK

Eigar og konsernsjef av Rostein-reiarlaget, Odd Einar Sandøy, er svært tilfreds med investeringa som han er sikker på kjem til å løne seg.

– Ja, dette har vi ønskt oss i 30 år, seier han. Det er mange fordelar med dette. Med snø, storm, vind og regn er det ganske håplaust å halde på med dette arbeidet ute. I tillegg gir dette auka komfort for arbeidarane.

– Vi ser at resultatet vert betre og at effektiviteten går betydeleg opp når ein kan halde på her inne, seier Sandøy.

Arbeid i dokkhallen til Larsnes Mek på Rofjell.

Her pågår arbeid inne i dokkhallen på fartøyet Rofjell. Slikt arbeid vert mykje meir effektivt når det kan gjerast under tak, meiner både verft og reiarlag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Odd Einar Sandøy har bygd opp Rostein-reiarlaget gjennom mange år og har ei solid formue.

Norske Skipsverft rosar satsinga på Larsnes

Bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft applauderer satsinga i Sande. Administrerande direktør Asle B Strønen meiner denne investeringa vitnar om både optimisme og framtidstru.

Asle Strønen

Asle B. Strønen er adm.dir. i bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

– Når eit verft satsar slik som dette på infrastruktur så er det eit tydeleg signal til omverda om at det vert satsa og det viser at norsk skipsbygging er konkurransedyktig. Denne investeringa i tørrdokka er ein viktig del av ein strategi der Larsnes Mek. framleis kan vere ein ressurs i denne marknaden, seier Strønen.

Dette viser også at lokalt eigarskap gir gode ringverknader for næringslivet. Med ein eigar frå Harøya vert det satsa på infrastruktur som igjen gir auka aktivitet., seier Strønen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga