Hopp til innhold

Trur satsinga på Sjøforsvaret gir arbeid til mange norske verft

Regjeringa satsar tungt på Sjøforsvaret og skal bygge mange nye skip. Bygginga må skje i Noreg, krev verftsnæringa.

Kystvaktskipet KV Bjørnøya ble døpt og overlevert til Sjøforsvaret

Vard leverte dette kystvaktskipet i 2023 og håper at dei får fleire kontraktar frå Forsvaret.

Foto: Helene Synes / Sjøforsvaret

Sjøforsvaret var den store vinnaren då regjeringa i dag la fram langtidsplanen. Dei foreslår å bygge fleire nye skip:

  • minimum fem nye havgåande fregattar med anti-ubåt helikopter, med opsjon på ytterlegare ein fregatt.
  • minimum fem ubåtar (fire av dei er allereie vedtekne i samarbeid med Tyskland)
  • Inntil 10 store og 18 mindre fartøy som kan brukast i ulike situasjonar

– Fregattane skal byggast i partnerskap med allierte, slik ein gjer med ubåtane, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp). Fregattane er det største investeringsprosjektet av alle i den nye langtidsplanen. Dei 28 andre båtane skal basere seg på standardløysingar.

Oppdrag til mange verft

Norske verft har alle føresetnader for å bygge standardskipa, meiner verftsdirektør Ronny Langset ved Vard Langsten i Tomrefjord.

– Regjeringa har forstått at norske verft har kapasitet og kunnskap til å bygge avanserte fartøy. Eg har tillit til at fartøya blir bygd i Noreg, seier Langset.

Vard Langsten har dei siste åra utrusta fleire skip for Forsvaret. Dei jobbar no med å ferdigstille det siste av tre kystvaktskip og verftsdirektøren kallar det ei suksesshistorie.

Ronny Langset ved Vard Langsten

Ronny Langset er verftsdirektør ved Vard Langsten i Tomrefjord. Han reknar med at norske verft får bygge standardfartøya som Forsvaret treng.

Foto: Remi Sagen / NRK

Verfta kan måtte samarbeide

Det siste året har delar av verftsnæringa signert milliardkontraktar og det er stort behov for arbeidskraft. Langset meiner likevel at bedriftene har ledig kapasitet til å ta byggeoppdraga for Forsvaret.

– Det er ikkje slik at vi skal byrja å bygge fartøya i morgon. Det kjem til å gå ei viss tid før Forsvaret går tydeleg ut med kva dei skal ha og kunngjer konkurranse, seier verftsdirektøren. Han ser heller ikkje bort frå at dei ulike verfta kan samarbeide om kontraktane.

Kva med fregattane? Må dei byggast i utlandet?

– Når det gjeld fregattane ser vi at regjeringa peika på eit strategisk samarbeid med andre nasjonar. Men Vard er absolutt ein aktør som kan vere med bidra på nye fregattar også, seier Langsten. Grunnen er at konsernet er internasjonalt og har enorme italienske Fincantieri i ryggen.

Må byggast i Noreg

Hugo Strand, som er styreformann i bransjeorganisasjonen Norske skipsverft, meiner at også fregattane bør byggast ved norske verft.

– Det finst ingen grunn til å bygge militære fartøy andre stader enn ved norske verft, uavhengig av eit samarbeid med andre Nato-land om kontraktane, seier Strand.

Hugo Strand

Hugo Strand er styreformann i bransjeorganisasjonen Norske skipsverft. Han trur det løner seg å velge norske verft til prosjektering, bygging, drift og vedlikehald av skipa.

Foto: privat

Han meiner norske verft er best på kvalitet og at den samla kostnaden blir lågare ved å bygge skipa i Noreg.

– No må politikarar og forsvarsleiinga ha lært. Eg ventar tydeleg beskjed om at fartøya skal byggast i Noreg. Det vil gi leverandørindustrien tid til å førebu seg på oppdraga, seier Strand.

Noreg bestilte fem fregattar ved eit spansk verft for om lag 20 år sidan, og problema stod i kø med manglande vedlikehald og reservedelar.

Langtidsplanen til regjeringa har ein prislapp på 600 milliardar kroner dei neste tolv åra, frå i år til 2036.