Hopp til innhold

Thomas (18) trefte blink på yrkesvalet: Får 200 nye kollegaer

Snart skal meir enn 130.000 velje studieretning. Thomas valde ein bransje som opplever kjempeoppgang.

Thomas Øyan Dalsøren - lærling ved Havyard Leirvik.

Lærlingen Thomas Øyan Dalsøren fekk jobb i næring som er i kraftig vekst.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Enno er det ganske stille ved skipsverftet Havyard Leirvik i Ytre Sogn.

Stille før «stormen».

I dag er det rundt 70 tilsette ved verftet, i løpet av få år kjem det til å jobbe mellom 200 og 300 her.

Selskapet har mellom anna signert ein milliardavtale for fire hybride batteriferjer som gjer at verftet skrik etter arbeidskraft.

Thomas Øyan Dalsøren (18) er lærling som platearbeidar, det vil seie at han urformer plater, rør og profilar, og set det saman til større konstruksjonar.

Han opplever no ein bransje som tek han imot med opne armar, der han er sikra arbeid i fleire år framover.

– Eg har fått beskjed om at eg skal jobbe her i 60 år til, så då har eg vel ikkje noko val, seier han og ler.

Thomas Øyan Dalsøren er lærling og utfører sveisearbeid ved Havyard Leirvik.

Varierte arbeidsoppgåver og jobb i lang tid framover gjer at Thomas Øyan Dalsøren (18) er nøgd med yrkesvalet.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Mange i tenkeboksen

Thomas har vald ei yrkesretning som det er stort behov for i framtida, ifølge NHOs kompetansebarometer.

Kompetansebarometeret syner at verksemdene manglar 15800 personar med yrkesfag. Mangelen er størst innan bygg- og anleggsteknikk (4 113), teknologi- og industrifag (3 873), elektro og datateknologi (3 602).

Å velje noko du brenn for og trivst med er ein god start. Så ser vi at flest verksemder har eit udekt behov for kompetanse innan ingeniør- og tekniske fag og handverksfag. Desse to områda har også vore dei mest etterspurde tidlegare år. Det tredje mest etterspurde området er IKT, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK.

Ole Erik Almlid

Du kjem langt med å velje noko du interesserer deg for om du samstundes har eit blikk på kva verksemdene spør etter, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid.

Foto: William Jobling / NRK

Stor oppgang

Fleire verft har i vinter varsla om store kontraktar, og dermed stort behov for fleire tilsette.

Til dømes treng Vard-konsernet 150 nye tilsette. Også verksemda Bauta, som driv med stål og aluminium, merkar stor etterspurnad.

Verftet i Leirvik i Hyllestad har mellom anna fått ordre om å bygge fire nye ferjer for Norled i løpet av få år.

Nye ferger som Havyard Leirvik skal lage for Norled.

Havyard må tilsetje rundt 200 fleire når dei mellom anna skal bygge nye ferjer for Norled.

Foto: LMG Marine

Personalsjefen har dermed ei utfordring, når arbeidsstokken skal opp med rundt 200.

Selskapet jobbar aktivt for å ta inn traineear, fleire lærlingar, rekruttere på messer og dra på skulebesøk.

– Vi jobbar med rekruttering heile tida, seier Anette Traa.

Ho viser til at det blir utdanna for få fagarbeidarar, og at det dermed er kamp om dei som finst.

KI kan bli viktig

I fleire år har rundt 130.000 søkt opptak til universitet eller høgskule gjennom Samordna opptak. Medan fristen for vidaregåande skule var 1. mars, er fristen for dei fleste universitet og høgskular 15. april. Den same fristen gjeld for fagskulane.

Å ta ei utdanning, anten det er yrkesfagleg retning eller høgare utdanning er det aller viktigaste investeringa i karrieren di, seier Almlid i NHO.

NHO sitt kompetansebarometer syner at verksemder i større grad spør etter folk som kan teknologi, og dermed også KI (kunstig intelligens).

Meir enn halvparten av verksemdene, 51 prosent, meiner KI vil vere viktig for verksemda si framtidige vekst og konkurranseevne. Nesten halvparten, 49 prosent, trur KI vil endre arbeidsoppgåver i deira verksemd.

Les også Ferja skulle kutta utslepp – får framleis drivstoffet sitt med trailer frå Tyskland

Her står gasstanken frå Tyskland, på ein stad i Rogaland.