Hopp til innhold

Har auka lønna for å lokke til seg utanlandsk arbeidskraft

Det er ein oppsving i den maritime industrien og stort behov for arbeidskraft. Men det er utfordrande å skaffe nok fagfolk.

Arbeidarar ved bedrifta Bauta i Hjørungavåg

Bedrifta Bauta starta med 25 tilsette for ti år sidan. No er dei rundt 550 og dei fleste kjem frå utlandet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I ein stor industrihall i Hjørungavåg i Hareid blir det sveisa og slipt. Bedrifta Bauta, som driv med stål og aluminium, har det hektisk.

– Vi har opplevd ein ordrereserve og ei arbeidsmengd som vi aldri har hatt tidlegare, seier gründer og produksjonssjef, John Arve Sundet.

Berre rundt ti prosent av dei 550 tilsette er norske, resten kjem frå utlandet.

– Vi må tiltrekke oss utanlandsk arbeidskraft. Dessverre er det vanskeleg å få nordmenn til å jobbe innanfor plate- og sveiseyrket, seier Sundet.

Dei har eige rekrutteringskontor i Romania og tilsett folk regelmessig.

John Arve Sundet i Bauta

John Arve Sundet er produksjonssjef i Bauta. Han likar å kalle bedrifta landet største frittståande produsent av stål og aluminium.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Medan det tidlegare har vore lukrativt for utlendingar å jobbe for norsk løn, fører den svake krona til at lønna er mindre verdt i heimlandet.

Bauta har auka lønningane to gongar den siste tida, og betra avtalane for å gjere seg meir attraktive.

– For dei utanlandske arbeidarane er det same om dei sett seg på eit fly til Noreg eller Tyskland, seier Sundet.

Polske Tomasc Chomicz jobbar ved bedrifta Bauta i Hjørungavåg

Tomasc Chomicz harmellom anna jobba i Spania, Algeri, England og Tyskland tidlegare.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Reiser til andre land

Arbeidsformann Tomasc Chomicz (51) frå Polen har jobba i utlandet i 20 år. Han kom til Noreg for sju år sidan, og grunnen var sjølvsagt å tene gode pengar.

– No er prisen på den norske krona svært lav, så eg har sett gode arbeidarar forsvinne til andre land, slik som Skottland, seier Chomicz. Sjølv planlegg han å bli verande i nokre år til.

Vard skal tilsette 150

Det er ikkje berre bedrifta Bauta som opplever gode tider. Dei siste månadane har norske verft inngått kontraktar for mange milliardar kroner. Eitt av verfta er Vard. Det komande året treng dei 150 nye medarbeidarar.

– Det er ikkje lange køar i Noreg med fagfolk som ikkje har arbeid, så det blir jo krevjande, seier verftsdirektør Ronny Langset.

Han står inne i ein stor sjøhall og ser på arbeidsfolk i kjeledress som arbeider på ein kabelleggar. Ute på sjøen ligg eit kystvaktskip og testar utstyret om bord.

Ronny Langset ved Vard Langsten

Ronny Langset er verftsdirektør ved Vard Langsten i Tomrefjord. Han gler seg over alle kontraktane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Konsernet treng alt frå ingeniørar, sveisarar, røyrleggarar og elektrikarar for å bygge alle dei bestilte båtane.

Også dei ser at det er meir utfordrande enn tidlegare å skaffe arbeidskraft.

– Det er lite vi kan gjere. Vi har ikkje moglegheit til å berre doble løna for å få fleire arbeidsfolk inn, seier Langset. Dei samarbeider med lokale underleverandørar og ser at dei klarer å skaffe folka som trengst.

Vard Langsten

I sjøhallen på Vard Langsten ligg denne kabelleggeren, som skal byggast om etter ein brann.

Foto: Remi Sagen / NRK

Oppsving i industrien

Bransjeorganisasjonen Norsk industri ser ein oppsving i den maritime industrien. Dei trur at konkurransen om arbeidskraft kan bety at bedriftene må betale høgare løn.

– Eg trur dei får tak i arbeidskraft, men den kan bli dyrare. Til dels må dei basere seg på innleige i dei veldige oppgangsperiodane, seier fungerande administrerande direktør, Knut E. Sunde.

Hugo Strand

Hugo Strand er styreformann i bransjeorganisasjonen Norske skipsverft. Han seier at konkurransekrafta til norske skipsverft har betra seg kraftig, blant anna på grunn av kronekursen.

Foto: privat

Hugo Strand er styreformann i bransjeorganisasjonen Norske skipsverft. Han seier at verfta konkurrerer om arbeidskrafta både med fiskeri, havbruk og oljenæringa. No er det mange som treng meir arbeidskraft samstundes, og dei som betaler mest vinn.

Skipsverfta har ikkje like moglegheiter til å vere med på ein sånn pengegalei, fordi det er snakk om mykje arbeidskraft og skipsbygging er ei konkurranseutsett næring, seier Strand.

Han fryktar at dersom verfta ikkje får tak i arbeidskrafta dei treng, kjem meir av arbeidet til å bli utført i utlandet.

Håper på styrka krone

I bedrifta Bauta har dei så mykje å gjere at dei har tatt i bruk to nedlagde industrilokale. Når det går bra for skipsverfta, ramlar det inn oppdrag for dei også.

No håper John Arve Sundet at krona skal styrke seg, slik at dei kan sikre seg arbeidskrafta dei treng.

– Det finst jo ei grense for kor mykje du kan auke løna. Du må jo ta inn det på ein eller annan slags måte, seier Sundet.

Arbeider ved bedrifta Bauta i Hjørungavåg

Bedrifta Bauta har oppdrag frå både verftsnæringa, havbruk og samferdsel.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK