Hopp til innhold

Meiner fylket ikkje har nok pengar til bypakkane

Fylkespolitikarane er usamde om kva som skal prioriterast av bypakkane og Trollheimstunnelen. Ei realisering av bypakkane vil vere avhengig av at fylkeskommunen bidreg økonomisk.

Bompenger Molde

Trafikkork og køar er ei stor utfordring, men fylkespolitikarane er usamde om kva som skal prioriterast.

Foto: Roar Strøm / NRK

Frank Sve, gruppeleiar for Frp i fylkestinget i Møre og Romsdal, meiner fylkeskommunen ikkje har råd til å bidra økonomisk til bypakkane.

– Det ligg til grunn 325 millionar kroner frå Møre og Romsdal fylke. Det er pengar fylket ikkje har. Dersom fleirtalet seier ja til det no i fylkestinget så fører det til at det blir umogleg å gjennomføre Trollheimstunnelen, seier han. Trollheimstunnelen er ein ferjefri forbindelse mellom Sunndal og Surnadal.

Frank Sve

Frank Sve, gruppeleiar for Frp i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Foto: Frode Berg / NRK

Han meiner difor at fylkestinget no må forstå at om dei skal ha bypakkane må dei seie nei til noko anna.

– Vi i Frp ønskjer å bygge Trollheimstunnelen, vi vil ikkje endre prioriteringslista. Difor kan vi ikkje gå inn for noko løyving til bypakkane no, meiner Sve.

– Slår ikkje du beina under den satsinga som byane sjølv ønskjer?

– Den satsinga som ligg der er det jo innbyggjarane som skal betale hovudsakleg, og så er det fylket som skal betale 325 millionar. Det er pengar vi ikkje har. Det har ikkje vore prioritert tidlegare, seier han.

LES OGSÅ:

Høgre ønskjer bypakkane

Trafikkork og køar er ei stor utfordring for dei tre store byane i Møre og Romsdal.

Helge Orten som er gruppeleiar i Møre og Romsdal Høgre og partiet sin førstekandidat til stortingsvalet vil ikkje gå inn i ein slik prioriteringsdebatt no, men å seie nei til bypakkane er ikkje aktuelt.

Helge Orten

Helge Orten, gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– For oss i Høgre er det viktig å få løyst problema i og omkring byane. Slik sett er vi veldig positive til å få til bypakkane, seier han.

– Så må vi ta den totale prioriteringa når vi skal ta det samla investeringsprogrammet for fylkeskommunen, legg han til.

Slit med etterslep

Orten trur det kan bli ei utfordring for fylkeskommunen å få råd til det bidraget som skal leggjast inn i bypakkane.

– Rett og slett fordi vi har så stort etterslep på vedlikehald på mellom anna bruer, ferjekaier og tunnelar, det gjer at vi får utfordringar på mange måtar, seier han.

– Så dette blir ei stor utfordring å få til, men det må vi ta når vi behandla investeringsprogrammet, avsluttar Orten.

LES OGSÅ: Millionstøtte til bypakkane