Hopp til innhold

– Staten burde spa opp litt oljemilliardar i staden for å ta bompengar

Firefeltsveg inn til Ålesund og eit ekstra tunnelløp i Blindheimstunnelen skal delfinansierast av bompengar. No er spørsmålet kor mykje bilistane er villige til å betale.

Innfartsveg Ålesund

Regjeringa signaliserer at dei vil prioritere firefeltsveg inn til Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Trafikken i Ålesund aukar og Regjeringa vil i Nasjonal Transportplan prioritere utbygging av firefelts veg inn mot sentrum frå Breivika i siste del av planperioden. Slik skal det verte mindre køar og betre trafikktryggleik, også for syklistar og gåande.

Det er også planlagt eit ekstra tunnelløp i Blindheimstunnelen. Begge prosjekta føreset at bilistane betaler bompengar.

Betaler nok

Ikkje alle er like begeistra for det. Marit Ellefsen meiner at ho betaler nok som det er, berre for å ha bil. Ho er samd i at det trengst ny veg inn til Ålesund for å få bort trafikkorkane i rushtida, men ville helst unngått bompengar.

– Staten burde heller spar opp litt av oljemilliardane sine, seier Ellefsen.

Ta bussen

Tor Haram er meir positiv. Han meiner at ein ikkje kjem utanom bompengar skal ein ha ny veg. For han er det viktig at det vert tatt omsyn til miljøet også når det nye prosjektet vert planlagt.

Samuel Skrede er opphavleg frå Bergen og har vakse opp med bompengar. Han er usikker på om firefeltsveg er måten å gjere det på.

– Eg hadde heller sett for meg ei kollektivløysing der folk kunne parkere på Moa og ta bussen inn til byen, seier Skrede.

Smertegrense på bompengar

Bjørn Tømmerdal (H)
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ordførar Bjørn Tømmerdal (H) er glad for dei sterke signala, men han er likevel avventande. Det er mykje han må sette seg inn i for å vite kva planane betyr for dei som skal betale.

– Det er ei smertegrense for kor mykje bilistane er villige til å betale, seier Tømmerdal.

Politikarane i Ålesund har allereie fatta eit prinsippvedtak om bompengar. Sjølv meiner Ålesundsordføraren at staten bør betale minst 25 prosent av rekninga.

Firefeltsvegen er ein del av bypakken, men politikarane i Ålesund klarer ikkje å bli samde om kva prosjekt som skal vere med.

– I det komande året blir det store spørsmålet kva bypakken skal innehalde, seier Tømmerdal.

Går utover familiar

Harald T. Nesvik
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Framstegspartiets Harald T. Nesvik rasar over at regjeringa legg betalinga over på bilistane. Han fryktar at dei må betale mellom 70 og 80 prosent av det Bypakken vil koste.

– Det går utover familiar med dårleg råd som skal køyre til og frå barnehagen og frakte born til trening, seier Nesvik.