Hopp til innhold
Brannvesenet rykket ut etter brann ved Teknisk Museum
Foto: Andreas Sundby / NRK

Brann i Møre og Romsdal

Oppsummert

Her blir du oppdatert når det blir meldt om brann i Møre og Romsdal.

  • Har kontroll på røykutvikling

    Brannvesenet har no kontroll på røykutviklinga frå eit toalett i sentrum av Sunndalsøra.

    – Det er uvisst om det har vore opne flammar eller berre røykutvikling. Servicetoalettet er knytt til ein campingplass og eit uteområde, opplyser politiet.

    Personen som melde frå om røykutviklinga kan ha pusta inn noko røyk, men ingen personar skal vere skadd, ifølge politiet.

  • Brann i campingvogn

    Politiet melder om ein brann i ei campingvogn på Kvisvik i Tingvoll. Naudetatane rykte ut til staden og campingvogna er nedbrent.

    Politiet opplyser at det ikkje er fare for at brannen skal spreie seg vidare. Ingen blei skadd i brannen.

    Politiet er på staden no og opprettar ei sak på hendinga.