Hopp til innhold

Låve rasa saman etter brann i Haram

Ein låve blei totalskadd i ein brann i Slyngstadvegen i Haram. To bustadhus i nærleiken blei redda.

Låvebrann

BRANN: Låven rasa saman i brannen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Politiet i Møre og Romsdal melde først om brannen klokka 07.49 onsdag morgon. Då var bygget overtent. Klokka 08.40 hadde låven har rasa saman.

Politiet har oppretta ei sak på hendinga.

– Vi skal ta avhøyr av dei som eigde låven, men per no er det for tidleg å seie noko om brannårsaka. Vi vil vurdere om det er aktuelt å sende kriminalteknikarar til staden etter kvart, seier Jens Dahl, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt i 12.00-tida.

Hindra spreiing

Ifølge politiet var det ingen dyr eller personar i låven. Det låg to bustadar i nærleiken av bygninga.

Vi fekk avgrensa brannen til låven, og eit lite utehus. Bustadhusa blei redda. Låven er heilt nedbrent. Det sa John-Rune Lillebø ved 110-sentralen rundt klokka 09.30.

Brannvesenet fekk etter kvart god kontroll på staden. Låven blei totalskadd i brannen.

Låvebrann

Brannvesenet jobba på staden for å hindre at brannen skulle spreie seg.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

No begynner vi å redusere talet på mannskap som vi har på staden. Delar av mannskapet returnere, og så er det igjen nokre for å ha kontroll på det framleis som brenn, sa Lillebø.

Han sa vidare at ingen personar hadde blitt skadd eller utsett for røyk i samband med brannen.

Kunne sjåast på lang avstand

Brannen kunne sjåast på lang avstand. Lillebø ved 110-sentralen seier at dei fekk fleire telefonar om brannen.

– Det var veldig mange som ringde inn. Låven ligg i eit område som gjer at brannen er godt synleg, seier han.

Låvebrann

Alle naudetatane rykte ut til staden.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Theodor Vadseth bur i nærleiken. Han fortel at han sat og åt frukost då han høyrde eit høgt smell.

– Eg trudde med det første at det var eit takras, men så høyrde eg ein knistrelyd. Eg gjekk opp til foreldra mine og så såg vi ut vindauget at det var full fyr hos naboen, fortel han.

Faren hans heiv seg så på ATV’en for å køyre opp og sjekke om gjekk bra med naboane.

Foto: Theodor Vadseth.

På eit tidspunkt var det ein del røyk i området, men det var ikkje nødvendig for folk i området å lukke vindauge og liknande, opplyste Dahl i politiet.

– Det er eit godt stykke til andre bustadar, sa han.

brann løde
Foto: Haramsnytt