Hopp til innhold

Brann i garasje i Aure

Tustna og Aure brannstasjon rykker ut på ei melding om brann i ei garasje på Vihals i Aure. Ifølge politiet er det full overtenning i garasjen.

– Garasjen står ca. ti meter frå eit bustadhus. Brannvesenet har kontroll på brannen og det er ikkje fare for at den skal spreie seg. Garasjen er nedbrent, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet.

Ingen personar skal ha blitt skadd i samband med brannen. Årsaka til brannen er så langt ukjent.