Hopp til innhold

Brann i vindturbin på Harøya i Ålesund: – Ikkje lenger teikn til flammar

Onsdag morgon byrja det å brenne i toppen av ein vindturbin på Harøya på Sunnmøre. Brannen er no sløkt.

Det brenn i ein vindturbin på Harøya, og brannvesenet har stengt turstiar i området.

BRANN: Onsdag morgon byrja det å brenne i ein vindturbin på Harøya.

Brannvesenet fekk melding om brannen frå ein tipsar som såg at det brann i området.

– Det brenn i toppen av turbinen. Det er truleg hydraulikkolje som brenn, noko som gjer at det vil kunne brenne ei stund, sa Anja Lereng, vaktleiar ved 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK i 08.30-tida.

Rundt klokka 11.00 melder brannvesenet at brannen er sløkt. Både brannvesenet og politiet har no avslutta på staden.

– Det er ikkje lenger teikn til synlege flammar eller røyk frå turbinen. Naturleg nedkjøling med nedbør går føre seg, opplyser brannvesenet.

Fare for nedfall

Brannvesenet har sperra av eit område rundt turbinane.

Det var ei stund fare for at det kunne losne delar frå turbinen, som igjen ville falle ned på bakken.

– Det er viktig at folk respekterer sperringane og held avstand, seier Lereng.

Brannvesenet sette ikkje i gang med sløkkingsarbeid, då det ikkje var mogleg å ta seg opp til turbinane.

Det er ingen hus i nærleiken og det var heller ikkje fare for at brannen ville spreie seg i terrenget.

Politiet har oppretta ein undersøkingssak på hendinga.

– Det er litt vanskeleg å kome til, så vi har ikkje fått gjort nokon undersøkingar der no, men vi opprettar ei sak på hendinga, seier Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Brann i vindmølle på Harøya.

Det er så langt uklart kva som var årsaka til at det byrja å brenne i ein vindturbin på Harøya onsdag morgon.

Foto: Tipser

Uklart kva som er årsaka

Det eksisterande vindkraftverket på Harøya blei først sett i drift i desember 1999.

Sandøy Vindkraft AS fekk ein ny konsesjon til eit vindkraftverk på øya i 2022 og sidan har det blitt gjennomført ein rekke oppgraderingar.

Selskapet har no fem vindturbinar som er i drift i området. Alle desse er no stoppa som følge av brannen.

– Vi skifta hus og vengjer på alle i fjor haust. Selskapet Vestas var nyleg her og hadde service på dei, seier dagleg leiar i Sandøy Vindkraft, Johannes Størk Huse.

Han seier at Vestas kjem til å sende personell for å undersøke årsaka til brannen, enten i dag eller i morgon.

– Vi er spent på kva som er årsaka. Vi var nyleg oppe i turbinane og då såg alt bra ut. Vi håper at skadeomfanget ikkje blir for stort, seier Huse.