Hopp til innhold

Brann i fleire einebustadar

Brannvesenet rykte natt til tysdag ut til to brannar i Møre og Romsdal. Både i Breivika i Ålesund og Aureosen i Hustadvika brann det i einebustadar.

Brann i Breivika i Ålesund

Natt til tysdag byrja det å brenne i ein einebustad i Breivika i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I Ålesund rykte naudetatane ut til Breivika i Ålesund etter at det kom melding om ein brann i ein bustad.

Det var ei tid uvisst om det var spreiingsfare.

Brann i Breivika

Bustaden fekk skader i brannen i Breivika i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I 05.30-tida opplyste vaktleiar ved 100-sentralen, Rune Huse, at det er god avstand mellom husa og ei gunstig vindretning.

– Men naboar er bedne om å late igjen vindauga sine for å unngå røyk, seier Huse.

Det var fire personar, to hundar og to kattar i huset, men alle kom seg vel ut. To personar blir sjekka for røyk.

Om lag klokka 05.45 var brannen slått ned og brannvesenet opplyste at dei hadde kontroll.

Brann spreidde seg

I Aureousen i Hustadvika starta brannen i eit uthus, før den spreidde seg til hovudhuset.

Dei to i huset kom seg ut, men ein av dei fekk førstehjelp av ambulansepersonell på staden etter at han prøvde å sløkke brannen. Vedkomande blei seinare sendt til sjukehus for sjekk.

Heller ikkje i Aureosen var det snakk om evakuering.

– Rundt klokka 05.30 brann det framleis mellom taklaga, men det er mindre og mindre røyk, fortel Huse.

Like før klokka seks blir det meldt at brannvesenet har kontroll, sjølv om det rauk noko frå taket. Brannvesenet har starta ettersløkking.

Det brenn i ein einebustad i Hustadvika.