Hopp til innhold

Død person funnen etter brann på Sandsøya

Politiet har funne ein død person etter brann i ein bustad på Sandsøya på Sunnmøre torsdag.

Brann i einebustad Voren Sandshamn Sandsøy Sande kommune

Det var full overtenning på huset, som ligg på Voren på Sandsøya. Huset brann ned i brannen.

Foto: Sondre Voksøy Bringsvor / Synste Møre

– Vi har funne ein omkomen person. Personen er ikkje er identifisert, og har blitt sendt til obduksjon for å finne ut kva som har skjedd, seier politiadvokat Christina Sve Hagen.

Undersøkingane av branntomta vil halde på i ei tid framover. Krimteknikarar og søkehund arbeidde der gjennom fredagen.

Var sakna etter brannen

Det var like før klokka 14.00 torsdag at politiet melde om brannen i ein bustad på Sandsøya i Sande kommune på Sunnmøre.

Ein person blei sakna i etterkant av brannen.

Det var to personar registrert på adressa. Ein annan person tok seg ut av bustaden.

Uklar brannårsak

Einebustaden var overtent då naudetatane kom til staden, men brannvesenet fekk etter kvart kontroll over brannen.

– Bustaden er fullstendig nedbrent, sa operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Leif Arne Mork.

Det er for tidleg å seie noko om brannårsaka.

– Vi håper at kriminalteknikarane kan vere med på å gi eit svar på det, seier politiet.

Jobba for å hindre spreiing

Brannvesenet arbeidde med å kjøle ned ei driftsbygning i nærleiken for å hindre at brannen skulle spreie seg dit.

Ferjesambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya vart innstilt ein periode på grunn av at ferja blei brukt i samband med utrykkinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Geiranger med Geirangerfjorden ein vinterdag med blå himmel og blikkstille fjord.

Nær 15.000 har søkt om å få bu gratis her: – Heilt spinnvilt