Hopp til innhold

Tidlegare fallulykke i Ålesund sette brannmannskap på sporet etter sakna mann

Ein mann i 20-åra blei måndag redda frå ei djup kløft i Ålesund sentrum. Brannmannskapet kom nemleg på at dei ville leite der det har vore ulykker før.

Redningsaksjon etter at mann fall i kløft ved Grimmerhaugen i Ålesund

Mannen som var sakna har truleg ramla rundt ti meter ned her. Måndag ettermiddag blei redda opp.

Foto: Sindre Egenes / Ålesund Brannvesen

Måndag blei ein ung mann på dramatisk vis henta opp frå ei stupbratt kløft mellom husa og fjellveggen på Grimmerhaugen i Ålesund sentrum. Der hadde han truleg lege sidan natt til søndag.

Redninga hans var to tidlegare fallulykker.

Brannvesenet, som først hadde konsentrert seg om søk til sjøs, kom plutseleg på at det bratte området like ved utestadane i sentrum burde sjekkast. Der hadde dei nemleg berga folk for mange år sidan.

– Ganske raskt såg dei at det låg ein person i ei sjakt, seier brannsjef Sindre Egeness.

Brannsjef Sindre Egeness står utenfor Ålesund brannstasjon.

Brannsjef, Sindre Egeness, fortel at dette er noko av det mest krevjande dei kan møte på i sin kvardag fordi det var trongt og vanskeleg å komme til.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Mannen i 20-åra hadde truleg ramla ned rundt 10 meter. Redningsmannskap fekk klatra ned og heisa han opp på båre, under dei smale, krevjande forholda.

Traumatisk ulykke

Tysdag ligg Grimmerhaugen i Ålesund bada i sol og folk går tur i området. Simon Wille er tilbake der han sjølv fall stygt for snart 16 år sidan i ei traumatisk ulykke.

Også han var på fest. Han minnest at han skulle ta ein snarveg til rådhusplassen, der det var konsert. Han fall ikkje akkurat på same plass, men i same område.

Simon Welle peker på stedet der han selv falt for snart 16 år siden.

– Sjølve fallet er uklart for meg, men eg trefte med eit valdsamt smell, fortel Wille.

Simon Wille

Fallet var rundt åtte meter ned i eit portrom, og han kom seg ikkje opp att sjølv. Han ropte etter hjelp, men det gjekk mange timar før nokon i gata høyrde ropa og fekk varsla naudetatane.

Wille blei sendt på sjukehus med fleire brot i bekken, rygg og ribbein. Det gjekk mange månader før han var på beina igjen.

I dag tenker han på den unge mannen som opplevde det same.

– Eg håper han kjem seg til igjen, seier Wille.

Også i 2001 skjedde det ei fallulykke i nærleiken.

Stor leiteaksjon

Søndag blei det sett i gang ein leiteaksjon etter mannen i 20-åra, då han ikkje var komen til rette. Han hadde vore på byen kvelden før.

Vener og familie leita i fleire timar søndag ettermiddag, og etter kvart blei også politiet kopla på saka.

Søket heldt fram gjennom natta og utover måndagen. Då møtte også fleire titals frivillige opp på rådhusplassen i Ålesund for å hjelpe til i søket.

Like etter 14.30 måndag meldte politiet om at dei hadde gjort eit funn av ein person. Kort tid seinare blei det bekrefta at dette var den sakna mannen i 20-åra.

Redningsaksjon etter at mann fall ned i kløft på Grimmerhaugen i Ålesund

Det blei gjennomført ein stor leiteaksjon etter mannen som var sakna.

Foto: Sindre Egenes / Ålesund brannvesen

Skal vurdere tryggleiken

Det er gjerde rundt heile ulykkestaden og politiet har tysdag vore på plass for å sjekke om det må gjerast meir for å sikre området.

– Det er ikkje høgare enn at det går an å klatre over. Vi skal vurdere om det skal sikrast meir eller om det er tilstrekkeleg, saman med Ålesund kommune, seier Arne Lid Skodje. Han er seksjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt

Politiet jobbar no vidare for å finne ut kva som skjedde. Dei har henta inn videoovervaking frå staden og prata med kameratane som sist såg han.

Mannen i 20-åra er innlagt på St. Olavs hospital i Trondheim.

Politiet var tirsdag på stedet for å gjøre noen undersøkelser.

Politiet var tysdag tilbake på staden der ulykka skjedde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga