Hopp til innhold

Bønder ber bilistar skjerpe seg – opplever dagleg farlege forbikøyringar

Bønder ber no bilistar om å forstå at ein traktor ikkje lenger er det den ein gong var. Dagleg opplever dei farlege forbikøyringar av utolmodige bilistar som undervurderer både fart og storleik på dei moderne traktorane.

Bønder ber no bilistar om å forstå at ein traktor ikkje lenger er det den ein gong var. Dagleg opplever dei farlege forbikøyringar av utolmodige bilistar som undervurderer både fart og storleik på dei moderne traktorane.

Sjå video: Her blir traktoren forbikøyrd av ein lastebil. Litt lenger framme kjem det ein bil imot.

Traktoren går for fullt på den svingete vegen i det ein trailer legg seg ut og køyrer forbi. Like rundt svingen kjem det ein personbil, men det ser ikkje ut til å vere ei hindring når det er ein traktor i vegen og sjåføren vil forbi.

– For meg verkar det som om tolmodet til bilistane berre blir mindre og mindre. Dei skal forbi uansett korleis det ser ut på vegen og det oppstår mange farlege situasjonar, seier Torgrim Furuhaug, gardbrukar.

Lett å køyre forbi

Mykje av årsaka er ifølgje bøndene ei gammal misforståing blant bilistane, nemleg at traktorar er lette å køyre forbi.

Forbikjøring av traktor

Her køyrer ein bil forbi traktoren til Torgrim Furuhaug i ein knapp sving.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Køyrer du ofte forbi?

– Det er ikkje det eg gjer mest. Det er sjeldan eg tek sjansar i alle fall, seier bilist Sverre Veiset.

– Kva med traktorar?

– Tja, dei køyrer jo mykje saktare enn det eg gjer med bil, seier Veiset.

– Ofte små marginar

Men det gardbrukarane meiner at mange bilistane gløymer, er at traktorane har utvikla seg, noko som gjer dagens traktorar vanskelegare å kome forbi.

Torgrim Furuhaug, gardbrukar.

Det er ofte snakk om små marginar, seier Torgrim Furuhaug, gardbrukar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Traktorane går mykje fortare no. Traktoren min går rundt 50 km/t. Når vi då i tillegg køyrer med ein stor henger bak, og det kjem ein bil som skal forbi, så er det ofte små marginar, seier Furuhaug.

I Rindal er dei fleire som dagleg kjenner på redselen for møteulukker. Og tida traktoren er på vegen blir berre lengre og lengre.

– Før hadde ein alt rundt garden og var nesten ikkje på hovudvegane i det heile tatt. No må ein drive jord litt lengre unna for å kunne henge med økonomisk, seier gardbrukar Tore Simonset.

Ikkje så lett å køyre ut

Men kan ikkje berre traktorførarane følge med i spegelen og køyre ut då, tenker kanskje du? Nei, det er ikkje så enkelt lenger.

Tore Simonset, bonde

Det er ikkje så lett å køyre forbi ein traktor som mange trur, seier gardbrukar Tore Simonset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Traktorane er no så tunge at det avgrensar moglegheita for å svinge seg ut av vegbana.

– I løpet av ei strekning på rundt ei mil, finst det omtrent berre ein plass eg kan svinge ut, seier Furuhaug.

Så da blir det opp til bilførarane å forstå at traktoren ikkje lenger er så lette å køyre forbi.

– Traktorane går stadig fortare og tilhengarane blir lengre så det er ikkje like lett å køyre forbi no som før, Simonset.