Sjå den hasardiøse forbikøyringa

– Hadde ikkje bilen fått sladd, kunne dette gått gale, seier Jan Olav Torvik. Han vart forbikøyrt i utgangen av Eiksundtunnelen og er sjokkert. Dashbordkameraet hans filma hendinga.

– Hadde ikkje bilen fått sladd, kunne dette gått gale, seier Jan Olav Torvik. Han vart forbikøyrt i utgangen av Eiksundtunnelen og er sjokkert.

Jon Olav Torvik vart forbikøyrt i Eiksundtunnelen måndag. Dashkameraet filma det som skjedde. PS! Datoen på kamera er feil.

Måndag køyrde Jan Olav Torvik frå Lauvstad i Volda til Myrvåg i Herøy. Han driv eige firma og har ein sju tonns lastebil som ikkje klarer å halde fartsgrensa i den bratte undersjøiske Eiksundtunnelen, og det gjer at mange plar bli irriterte og køyre forbi. Det skjedde også på måndag. Bilisten bak tok ei forbikøyring heilt i utgangen av tunnelen og Torvik oppdaga det ikkje før bilen kom opp på sida hans og fekk sladd.

– Eg vart heilt paff og tenkte at dette går ikkje bra, fortel Torvik. To bilar kom i mot og hadde det ikkje vore for at bilen som køyrde forbi fekk sladd, kunne det det blitt ein front mot front kollisjon. Torvik meiner det er flaks at det ikkje gjekk liv.

Filma hendinga

Torvik har installert dashkamera i bilen, som filma hendinga. Sjølv vart han sjokkert, og han trur at bilførarane som kom i mot måtte vere endå meir sjokkerte.

– Det var i alle fall ikkje sjåføren som køyrde forbi si forteneste at det gjekk bra, seier Torvik.

Glatt veg

Han har vurdert om han skal politimelde hendinga, men veit ikkje kven som køyrde bilen. Torvik meiner det er menneskeleg å feile, men trur at nestenuhellet kom av rein idioti.

– Det var like mykje slaps på andre sida av tunnelen, så det kunne ikkje kome som ei overrasking at det var glatt, seier Torvik.

– Dette kunne gått skikkeleg gale

Odd Kulø

Lensmann i Ulstein, Odd Kulø, vil ikkje starte etterforsking av hendinga no.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det seier lensmann i Ulstein, Odd Kulø.

– Denne sjåføren var veldig heldig. Dette er på ei bru, og her ser vi korleis det går med kombinasjonen av fart og dårleg føre. Sjåføren kunne både ha kollidert med ein anna bil og køyrd i havet.

Likevel vil ikkje lensmannen starte noka etterforsking på hendinga no.

– Nei, då må vi få inn klare meldingar og tips. Då vil vi nok forfølgje det. Men akkurat no startar vi ikkje noka etterforsking.

Etter å ha sett videoen oppfordrar lensmannen til å køyre etter forholda.

– Dette er eit bevis på kvifor ein må vere forsiktig, seier Kulø.