Hopp til innhold

Mobilbot-krangel hamnar i retten

Eit førelegg på 1300 kroner for mobilbruk i bil, hamner no i retten i Kristiansund. Verken politi eller bilførar er villig til å gi seg, og begge hevdar dei kan bevise at den andre snakkar usant.

Haavard Knudseth – Michalsen

Slik meiner Haavard Knudseth – Michalsen at han sat då han fekk bot for mobilbruk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg sat slik som dette, forklarar Haavard Knudseth – Michalsen medan han sit bak rattet på bilen sin i Kristiansund. Høgre hand er fast plassert på rattet, medan venstre hand støttar opp under hovudet hans.

– Slik sat eg heilt til eg vart stoppa, seier Knudseth – Michalsen.

Fekk bot for mobilbruk

Haavard Knudseth – Michalsen

Haavard Knudseth – Michalsen nektar å akseptere mobilbota.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Mobilkrangel

Haavard Knudseth – Michalsen meiner mobilen låg i denne lomma.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vi er tilbake der det heile skjedde. For i juli 2015 blir bilføraren nemleg stoppa i ein trafikkontroll i Kristiansund. Politiet meiner at Knudseth – Michalsen pratar i mobiltelefon medan han køyrer bil og gir han ei bot.

– Politimannen som hadde sett meg sa at han kunne vitne i retten på at eg hadde prata i mobiltelefon, seier han.

Og det er då alt går i lås. For Knudseth-Michalsen står fast på at telefonen låg i lomma. Tidspunktet er 16.00 når politimannen skriv ut eit forenkla førelegg for mobilbruk. Bilføraren meiner derimot at han kan bevise at han ikkje prata i telefon medan han køyrde bil.

– Mobilutskrifta mi viser at eg tok den siste telefonen kvart over tre, før eg igjen tok ein telefon 16.05. Då ringde eg Telenor for å få ei utskrift medan politimannen stod å høyrde på, seier han.

Begge partar står på sitt

Det bevise ingen ting seier politiet og sende saka til tingretten.

– Tenestemannen har observert at han hadde telefonen fysisk mot øret, og det er ikkje lov, seier Johan Petter Iversen, politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiadvokat Johan Petter Iversen

Johan Petter Iversen, politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt, seier at politiet står på sitt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dermed blir det ord mot ord, og politiet står på sitt. Dei meiner han kan ha heldt telefonen mot øret utan å snakke.

– Han hadde kanskje ikkje kome så langt at han rakk å ringe, seier Iversen.

Medan Knudseth-Michalsen sjølv seier at han berre kvilte hovudet i handa.

– Mobiltelefonen låg i lomma, seier han bestemt.

Dei to partane er også ueinige om kor vidt det er verdt å ta saka heilt til tingretten.

– Dersom ein spør den som er tiltalt i saka så ville eg kanskje seie at det ikkje er verdt det, seier politiadvokat Iversen.

– Klart det er verdt det. Det handlar om prinsipp og eg er uskuldig. Det er berre 1300 kroner, men det er 1300 kroner eg ikkje skal betale for noko eg ikkje har gjort, seier Knudseth-Michalsen.