Hopp til innhold

– Sjukehussaka må få ein ende

Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal, meiner det er på tide å ta eit val om tomta i sjukehussaka.

Jon Aasen

Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal håper sjukehussaka snart blir avgjort.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dei nødvendige opplysningane ligg i permar og blokker, og nokon har allereie gjort ein konklusjon. No er tida moden for at desse konklusjonane blir offentlege, seier Aasen.

Han meiner det er bortkasta å utsetje saka, og håper tomtevalet for det nye fellessjukehuset i Nordmøre og Romsdal snart er klart.

– Eg håpar det ikkje blir som når vi spelar stigespel. Du kastar terningen, og risikerer å måtte gå fleire steg tilbake, eller til og med tilbake til start. Det kan ikkje saka tole, dette må få ein ende, seier han.

Krev at helseministeren grip inn

Mellvin Steinvoll

Mellvin Steinsvoll i Folkeaksjonen Ett sjukehus for Nordmøre og Romsdal vil at helseministeren skal gripe inn.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Aasen får støtte frå Folkeaksjonen Ett sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Dei krev no at helseministeren grip inn i saka for å unngå at tomtevalet blir utsett igjen.

Pressetalsmann Mellvin Steinsvoll skriv i ei pressemelding at avgangen til administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal ikkje bør kunne stoppe ei så viktig sak.

– Spekulasjonar forverrar situasjonen

Torsdagens nyheit om at administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, sa opp stillinga på dagen, slo ned som ei bombe. Eidsvik skal ha kjent seg overkøyrd av Helse Midt-Noreg, og sa torsdag at ho ikkje opplevde å ha tillit til å gjennomføre prosessen.

Avgjerda har skapt blanda reaksjonar både innanfor og utanfor helseføretaket, og mange ventar no i spenning på resultatet. Aasen påpeiker at ein situasjon der ein direktør går av med umiddelbar verknad er problematisk.

Men han har liten sans for spekulasjonar rundt årsaka til at ho gjekk.

– Spekulasjon forverrar situasjonen. Søkjelyset blir flytta vekk frå saka og skaper spelerom for dei som trur dei veit meir enn dei veit, seier Aasen.

– Det er berre Astrid Eidsvik og Helse Midt-Noreg som har den informasjonen, så ein må vente til dei opplysningane kjem på bordet, held han fram.

"Bittersøt" konklusjon

Aasen trur konklusjonen rundt tomtevalet i sjukehussaka vil bli det han karakteriserer som bittersøt. Og til trass for at han ynskjer ei avgjerd, grur han seg til svaret kjem.

– Det er ikkje fordi eg ikkje vil ha eit vedtak, det er fordi eg veit at det er nokre som blir veldig nøgde, og andre som blir veldig misnøgde, seier Aasen.

– Det er som å gå til tannlegen for å få rotfylling. Det er vondt både før og etterpå, men du veit du må gjere det, held han fram.