Hopp til innhold

Splitta i Eidsvik-saka

Avgangen til Astrid Eidsvik, direktør i Helse Møre og Romsdal, har fått blanda reaksjonar frå fagforeininga i organisasjonen.

Astrid Eidsvik

Eidsvik-saka splittar fagforeininga i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Nyhenda om at direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, gjekk på dagen slo ned som ei bombe i går.

Helseføretaket er i innspurten der dei skal bestemme plasseringa av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Eidsvik meiner at Helse-Midt Noreg har overkøyrt ho i prosessen og at ho ikkje fekk sluttføre arbeidet.

Tillitsvalde for legeforeininga ved Ålesund sjukehus og Kristiansund sjukehus sa fredag at dei meiner at sjukehussaka må utsettast og krev at konstituert direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, går av. Dei vil at Eidsvik skal kome tilbake og sluttføre arbeidet.

Svært uheldig

Randulf Søberg, konserntillitsvalt for Akademikarane i Helse Midt-Norge meiner det er svært uheldig at Eidsvik trekkjer seg så kort tid før stadsvalet blir avklart. Han vil ikkje spekulere i kva Eidsvik ville ha valt, men meiner det var hennar oppgåve å innstille stadsvalet.

– For meg er det uforståeleg at ho trekkjer seg. Ho burde ha blitt i stillinga, innstilt si meining, tatt eit eventuelt nederlag og så trekt seg, seier han.

Sørberg meiner situasjonen har vore for dramatisk, og trur ikkje at Eidsvik har blitt instruert i saka. Han meiner ho har vore fri til å gje si innstilling.

– Eg syns det er merkeleg at ho setter heile regionen i ein vanskeleg situasjon. Det er mykje som står på spel i denne saka, seier han.

Han trur vegen vidare blir vanskeleg. Likevel har han full tillit til Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge. Han håper det snart blir klart kor det nye fellessjukehuset skal ligge.

– Det viktigaste er at vi får eit nytt sjukehus med godt fagleg innhald, ikkje kor det ligg. Det må vere underordna, seier Sørberg.

Kritisk til Helse Midt-Norge

Fagforbundet i Volda, Ålesund og Kristiansund er sjokkert over Eidsvik-avgangen og torar mot Helse Midt-Norge. I ei pressemelding fredag skriv dei at dei er svært kritisk til Helse Midt-Norge si innblanding i ein prosess som dei meiner har vore open, inkluderande og demokratisk.

– Astrid Eidsvik har full tillit i vårt miljø og for den jobben ho har drevet fram gjennom mange år i prosess for eit nytt sjukehus i Møre og Romsdal, skriv dei.

Vidare skriv dei at når Helse Midt-Norge grip inn i prosessen på denne måten, vil det vere krevjande å ha tillit til dei.

– Vi har ingen sanksjonsmoglegheiter i det miljøet som Helse Midt-Norge representerer, men vi vil anbefale våre medlemmer og andre sympatiserer, om å snu ryggen til eit miljø som opptrer med det vi meiner er lukka roms metodar for å få fram sine standpunkt, skriv dei.

Jan Arve Antonsen, leiar av fagforbundet ved Molde Sjukehus, seier til NRK.no at dei ikkje vil gje ein kommentar i saka før etter eit styremøte måndag kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL