Hopp til innhold

Legeforeininga meiner feil direktør gjekk av

Tillitsvalde for legeforeinga meiner sjukehussaka må utsettast og krev at konstituert direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, går av. Dei vil at Eidsvik skal kome tilbake og sluttføre arbeidet.

Margaret Sævik Lode

Margaret Sævik Lode er hovudtillitsvald for Overlegeforeininga i Ålesund sjukehus.

Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik gjekk på dagen i går fordi ho meinte at Helse Midt-Noreg ikkje hadde tillit til ho.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Heilt uventa gjekk direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, av i går med umiddelbar verknad. Grunnen var at ho følte seg overkøyrd i prosessen med plasseringa av det nye fellessjukehuset for Romsdal og Nordmøre.

– Heilt i innspurten av arbeidet med sjukehusvalet har eg opplevd at Helse Midt-Norge har gripe inn på ein måte eg syns er uakseptabel, sa Eidsvik.

– Det foregår eit spel

Tillitsvalde for Legeforeininga ved Ålesund sjukehus og Kristiansund sjukehus er kritiske til det som har skjedd. Margaret Sævik Lode er hovudtillitsvald for Overlegeforeininga i Ålesund sjukehus.

– Det har skjedd noko vi ikkje har oversikt over. Det kom som ei bombe at Eidsvik gjekk så brått. Vi er sjokkerte over at ho gjekk av og hadde sett fram til at ho skulle gjere greie for sin konklusjon, seier Sævik Lode, som meiner det foregår eit spel.

– Kva for spel meiner du foregår?

– Nei, det kan vi jo berre spekulere på, og det vil ikkje eg uttale meg om. Men det pågår eit spel, det er ingen tvil om, seier ho.

– Feil direktør gjekk av

Legeforeininga meiner at feil direktør har gått av og at det var konstituert adm.dir. i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, som burde ha tatt hatten sin og gått. Dei har ikkje tillit til Haga.

Dei tillitsvalde i Legeforeininga i Ålesund og Kristiansund ynskjer at Eidsvik skal kome tilbake og sluttføre arbeidet. Bernd Müller, som er tillitsvald for overlegane ved sjukehuset i Molde, ønskjer ikkje å kommentere saka.

– Eg trur saka er best tent med at eg ikkje uttaler meg, seier Müller.

LES OGSÅ:

Heller ikkje administrerande direktør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg vil kommentere korvidt han bør trekkje seg.

- Han forheld seg til styreleiaren, seier han gjennom sin kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås.

Rydde opp i kaoset

I dag kom styreleiar Stein Kinserdal til Ålesund. Han seier at det viktigaste er å prate med administrasjonen og finne ut korleis dei kan kome vidare med tomtevalet og budsjettsaka utan direktøren. Dei må også finne ut korleis dei skal få konstituert ein ny direktør i løpet av dei næraste dagane.

Sævik Lode trur prosessen framover blir vanskeleg.

– Vi ser ikkje for oss at det kan foregå nokon prosess så lenge dei som har vore styrande i denne prosessen no har måtte gi seg på det, då må ein nesten berre utsetje heile greia, seier ho.

– Vi må få vite kva som har skjedd, alle ting må på bordet. Vi må få vite kven som har snakka med kven, og kva som har skjedd bak kulissene, seier ho.

– Får de vite det, trur du?

– Vi får håpe det, for det som har foregått no er ikkje bra, seier ho.

Skal etter planen til styra om to veker

Tomtesaka skal etter planen handsamast i styret i Helse Møre og Romsdal 17. desember og i Helse Midt-Norge 18. desember.

Avgangen til Astrid Eidsvik skaper splitting blant dei tillitsvalde i helseforetaket.
I Ålesund og Kristiansund vil legane ha Eidsvik tilbake i sjefsstolen