Nyhenda om at direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, gjekk på dagen slo ned som ei bombe i går. Helseføretaket er i innspurten der dei skal bestemme plasseringa av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Eidsvik meiner at Helse-Midt Noreg har overkøyrt ho i prosessen og at ho ikkje fekk sluttføre arbeidet.
I dag har styreleiar Stein Kinserdal vore i Ålesund og hatt møter med administrasjonen for å avklare situasjonen. Dei har arbeidd med kven som skal konstituerast som administrerande direktør.
LES OGSÅ:
Ristesund seier nei
– Vi kjem til å offentleggjere dette måndag den 8. desember, seier Kinserdal, og stadfestar at assisterande direktør Helge Ristesund ikkje ynskjer å vere konstituert som adm.dir. i helseføretaket, men inntil nytt navn er på plass er det Ristesund som fungerer i stillinga, seier Kinserdal i ei pressemelding.
Til NRK seier Kinserdal at tempomessig hadde det vore best om Ristesund hadde tatt på seg oppgåva. Kinserdal kjem til å bruke helga på å kontakte nettverket sitt og halde dialog med styret.
– Vi har sjølvsagt eit håp om at dette er landa til måndag, seier Kinerdal.
Saka går som planlagt
Dei har også arbeidd med korleis dei kan komme vidare med tomtevalet og budsjettsaka. Saka skal leggast fram 10. desember som planlagt og som styresak 17. desember.
–Vi må understreke at det er styret i helseføretaket som skal behandle saka om tomteval for det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal , og ikkje administrasjonen, seier Kinserdal.