Hopp til innhold

Skuldar Sp for å vere uærleg etter fødestenging

Regjeringa snakkar med to tunger om nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund, hevdar opposisjonen. No krev dei ærlege svar.

Føden er stengt i Kristiansund.

STENGT: Søndag 16. oktober blei lysa sløkt ved fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kritikken haglar mot regjeringa frå alle kantar etter at fødeavdelinga i Kristiansund blei lagt ned. No er korridorane mørklagde og sengene tomme. Dei tilsette er omplassert, sjølv om Stortinget vedtok at avdelinga skulle vere open.

Bård Hoksrud (Frp) meiner det er eit gedigent løftebrot frå Senterpartiet. Han kjøper ikkje argumenta der dei skuldar på at det er helseføretaket som legg ned tilbodet, ikkje regjeringa.

– Eg synest Senterpartiet bør vere redelege og ærlege. Dei bør seie ja, vi legg ned tilbodet og gjenopprettar det ikkje, seier Hoksrud.

Bård Hoksrud og Marian Hussein

Bård Hoksrud (Frp) og Marian Hussein (SV) sit begge i Stortingets helse- og omsorgskomite.

Foto: William Jobling / NRK

Overraska over Senterpartiet

Same dag som Helse Møre og Romsdal varsla at fødeavdelinga blei nedlagt var statsråd Kjersti Toppe (Sp) på besøk i nordmørsbyen. Ho nekta då for at regjeringa la ned fødetilbodet.

– Målet står fast om at det skal vere fødeavdeling i Kristiansund, sa Kjersti Toppe (Sp).

Hoksrud er overraska over Senterpartiet godtok nedlegginga, sidan det både ligg eit Stortingsvedtak med ein klar marsjordre om å halde ope og at det er sett av 25 millionar ekstra til rekruttering.

Les også Senterpartiet nektar å godta at fødeavdelinga i Kristiansund skal leggast ned

– Taler med to tunger

Også støttepartiet til regjeringa, SV, er kritisk.

– Regjeringa pratar med to tunger. Den eine delen av regjeringsapparatet lover masse, medan den andre delen av regjeringsapparatet ikkje fylgjer opp, seier Marian Hussein (SV). Ho meiner regjeringa bør vere ærleg på kvifor dei ikkje gjer som dei lova.

Medan Senterpartiet seier at målet om å halde fødeavdelinga open står fast, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) at det er helseføretaket som har ansvar for eit fagleg forsvarleg fødetilbod og at ho ikkje vil ta over det ansvaret.

Hussein meiner regjeringa må velje seg éin strategi og bli samde seg imellom korleis dei skal fylgje opp lovnadene sine.

Stortingsvedtaket slår fast at fødeavdelinga i Kristiansund skal halde ope til det nye fellessjukehuset står klart i 2025. Avdelinga har stort sett vore stengt sidan februar 2021, men kvinner som har født i nabobyen Molde har fått tilbod om å ha barseltida i Kristiansund.

Les også Helse Møre og Romsdal samlar føde og barsel i Molde

Kristiansund sykehus

Ser ikkje verkelegheita

Partiet Rødt meiner Senterpartiet ikkje har same oppfatning av verkelegheita som andre.

Seher Aydar

Seher Aydar frå Rødt sit også i helsekomiteen på Stortinget. Ho meiner Senterpartiet ikkje har same oppfatninga av verkelegheita som andre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Befolkninga er ikkje naive, seier Seher Aydar. Ho meiner Senterpartiet må starte å jobbe for å opne opp att avdelinga i staden for å tru som at det skjer av seg sjølv. Og helseministeren må slutte å fråskrive seg ansvaret.

Etter hennar syn er det openbert at helseføretaket ikkje har gjort nok for å rekruttere fagpersonar til fødeavdelinga. Ho meiner regjeringa må sørge for at det skjer.

– Visst vi meiner for alvor at vi har demokratisk styring, og visst vi meiner for alvor at helsevesenet skal vere for befolkninga, då må helseministeren levere. Det er hennar oppgåve, seier Aydar.

Meiner kravet er oppfylt

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) meiner at stortingsvedtaket om å opne fødeavdelinga er oppfylt. Fødeavdelinga var open i tre veker tidleg i sommar.

Som det går fram av regjeringa sitt forslag til statsbudsjett så meiner regjeringa at anmodningsvedtaket er oppfylt, svarar Kjerkol i ein e-post.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL