Hopp til innhold

Ni heilt konge med krabbe!

Det finst uendeleg mykje godt krabbe-snadder. Det er fort gjort å gløyme når ein går i den vande mat-tralten. Gjenoppdag krabbe med desse eventyrleg gode konge-rettene.

Stekt kongekrabbe i «sursøt» saus

Ekstra lekkert å servere kongekrabben i skalet frå klørne.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Bruk krabben i pastarettene. Vi byr på to favorittar. Denne første er herleg italiensk-inspirert med tomatar, chili og oliven. Den andre tar deg rett tilbake til sommaren.

Gratengen blir ekstra eksklusiv med krabbe og sopp. Festmat.

Lise Finckenhagen har kongekrabbe og kantarellar i blomkålsuppa. Enkelt å lage og smakar fantastisk godt.

Kva skal vi kalle dette? Sandwich og smørbrød er for enkelt. Denne har lag på lag med dressingar og gode smakar – du får kongekrabbe i to etasjar. Noreg møter Asia.

Dette er verkeleg ei delikatesse. Krabbeskjel pimpa med ingefær, mango, avokado og chili.

Kokk og restauranteigar Karl Erik Pallesen lovar at du imponerer både deg sjølv og gjestene med «chili crab».

Sausen tar deg til himmels. Og servert i skalet frå klørne er denne også ei nyting for auga.

Her kan du klikke for meir krabbe-godt.