Hopp til innhold

Dette lagar du når hagen bognar og alt er klart samtidig

Når hagen er full av «ferdige» grønsaker kan det vere utfordrande å få brukt alt. Tareq Taylor har teke oppdraget med å gi deg dei beste rettene frå eigen hage.

Flere skåler med ulike retter. Maissalat, bønnesalat, auberginerøre, kålsalat og dressinger.

Pass på å bruke opp alt i hagen din. Dette er tida for mange småretter, salatar og dressingar.

Foto: Andreas Rydbacken / SVT

Når hagen struttar av grønsaker og du vil smake på alt, då lagar du fleire småretter, dressingar og salatar.

Lag ein chutney av alt det gode i hagen. Bruk dei grønsakene du har.

Denne oppskrifta har Tareq Taylor teke med seg frå Shanghai. Her blir hjartesalat blanda med brokkoli, poteter og løk i woken.

Ost og tomat er alltid bankers. Halloumi er ein kypriotisk ost som eignar seg til steiking. Den passar godt i tomatsalaten. Taylor liker også godt dei grøne tomatane, dei som ikkje er heilt modne.

Gulrotsalat med peparrotdressing passar godt til buffeen eller grillinga.

Steikt kålsalat er ypparleg tilbehøyr til kjøtt og fiskeretter.

Lag maissalat med mykje smak. Steik gjerne maisen med skalet på, då blir den meir saftig. Viss ikkje skyl du maisen i litt vatn før steiking.

Bruk bønnene du har. Smell saman ein bønnesalat – perfekt som tilbehøyr til kjøtt.

Og litt brød du kan ha alt det gode inni.

Vi har mange dressingar og småretter som hjelper deg å utnytte hagen din.