Hopp til innhold

Det er berre bra med rabarbra

Sure stenger som er perfekte til pai, suppe, salat, dessert, pizza og drikke. Rabarbra er smaken av sommar. Her har du oppskriftene du treng.

Fire bilder satt sammen, makrell med syltet rabarbra, dessertpizza med rabarbra, kake med rabarbrakompott og en drink med rabarbrasirup i en nydelig rødfarge.

Rabarbra til middagen, på pizzaen, i kaka og drinken.

Foto: Tone Rieber-Mohn/NRK, Trädgårdstider/SVT og Spise med Price/DR,

Heldig er den som kan hauste rabarbra frå eigen hage. Vi andre kan glede oss over at rabarbraen også finst hos torghandlarar og i vanlege matbutikkar i sesongen.

Pizza

Pizza er kanskje ikkje det første du tenker på når rabarbra blir nemnd. Men Tareq Taylor har ein spennande variant med rabarbra og mascarponeost.

I salaten

Sylta rabarbra kan godt brukast i salatar. Kombinasjonen av søtt og surt blir perfekt saman med grønsakene.

Til fisken

Når du legg rabarbra i syltelake av eddik, sukker og vatn, får du eit tilbehøyr som også kan brukast på makrellen.

Enkel smuldrepai

Kven seier nei takk til rabarbrapai? Server den med is eller krem. Denne oppskrifta er så enkel som det går an.

Smuldrepai i glas

Denne oppskrifta er litt meir avansert. Her blir smuldredeigen blanda med kvit sjokolade og desserten blir servert i porsjonsglas. Og i staden for is eller krem er det vaniljekrem til.

Suppe

Kald suppe til dessert på ein varm sommardag. Perfekt! Rabarbrasuppe med jordbærpynt frå Lise Finckenhagen.

Kompott

Rabarbrakompotten kan du bake i omnen. Lettvint. Den danske kokken Adam Aamann seier du må få med deg foten på stilken. Det er det lekraste på rabarbrastilken.

Iskake

Det øvste rosa laget på denne iskaka er ein rabarbraparfait. Parfait er iskrem laga av eggedosis og krem som blir blanda og tilsett smak. I denne oppskrifta er det altså rabarbra.

Kake til dessert

Sommarleg dessertkake med eit godt lag rabarbrakompott, krem og jordbær. Ei god blanding av søtt og syrleg.

I glaset

Rabarbra kan også gi smak og nydeleg farge til drinken. Det tar tid å lage rabarbrasirup, han skal trekke i eit par timar før han blir avkjølt.