Pære-dessert fra 70-tallet. Posjert pære med varm sjokoladesaus og vaniljeis.

Vi tar tilbake pæredesserten frå 70-talet. Dette er verkeleg ein «crowd pleaser».

Foto: Andreas Rydbacken / SVT

Pære med varm sjokolade­saus

Dette er ei moderne hyllest til ein klassikar frå 70-talet. Pære, mynte og sjokolade. Nydeleg godt.

Slik gjør du

Sylta pærer

Kok opp vatn saman med råsukker, sitronsaft og mynte.

Skrell pærene og legg dei i den varme laken.

Kok pærene til dei mjuknar, cirka 10 minutt.

La pærene avkjølast i laken.

Ta dei opp og ta ut kjernen med ein kjerneutstikkar, eller del dei i to og ta ut kjernen med ei lita skei.

Varm sjokolademousse

Varm opp fløyten til kokepunktet og ta den av steikeplata.

Knekk sjokoladen i små bitar og visp den inn i den varme fløyten, litt om gongen. Røyr til alt har smelta inn.

Sil eggekvitene gjennom ein finmaska sil for å fjerne alt som kan klumpe seg. Pisk eggekvitene sakte inn i sjokoladen.

Hell i ein sifong-flaske, lukk den godt. Og her blir det fascinerande. For dei fleste av oss har ikkje ein maskin på benken som kan halde 65 grader, men oppvaskmaskinen din har eit sånt program.

Legg sifongen i oppvaskmaskinen på 65 graders program, og ta han ut etter 1 time.

Så kan du servera pærene med den varme sjokolademoussen og vaniljeis.

Kilde: Tareq Taylor frå TV-serien «Hygge i hagen»/SVT