Hopp til innhold

Åtte «dejlige danske smørre­brød»

Gjer som danskane, gjer kvardagsskiva til ein fest. Smørrebrød er faktisk på andreplass i kåringa av Danmarks nasjonalrett. Og dei finst i uendelege variantar. Vi har valt ut nokre klassikarar til inspirasjon.

Dyrlegens nattmat

Dyrlegens nattmat er ein dansk smørbrødklassikar med mykje kjøtt.

Foto: DR

«Smørrebrød» er eit stykke rugbrød med ulike blandingar av pålegg som sild, roastbiff og egg toppa med majones og reker. I dei siste åra har dei danske smørbrøda vorte moderniserte og er ein hendig lunsjrett.

Liker du biff med bearnés og sprø pommes frites. Kvifor ikkje laga eit smørbrød med same tema?

Dei danske smørbrøda kan vera nesten som ein middag. Blir du ikkje mett av dette – ja, då får du ta to.

Danskane lèt seg også inspirera. Dei tek også for seg av italienske klassikarar.

Rå, medium eller godt steikt? Sjekk ut laksetartar er med heimelaga majones og urter.

Eller nyhakket oksetartar – med smakar av det provençalske kjøkkenet.

Mange føretrekkjer kjøttet «well done». Det gjer i alle fall dyrlegane i Danmark.

Konseptet «danske smørrebrød» handlar om kreativitet. Ta på det du har, og det du liker.

Heile verda elskar smørbrød. Anten det blir kalla toast, skiver, sandwich, blings, smørbrød, slider eller landgang. Me har eit heilt univers av sånne. Nyt.