Hopp til innhold

Ni bra blingsar

Du MÅ ikkje laga middag kvar dag. Lag deg heller ein sandwich – eller toast eller smørbrød. Lite smaker så godt som skikkeleg god blings. Her er ni vi garanterer for.

http://www.nrk.no/mat/smorbrod_-solen-skinner-pa-jacobsen-1.12393146

Eggeplomma skin som ei sol på toppen av smørbrødet. I artikkelen finn du åtte blingsar til.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Er det smørbrød? Toast? Landgang? Eller blings? Same det, viktigast er at det smaker godt, som denne med kylling, bacon og egg.

Og du kan laga mange små, så du får variasjon og smaka mest mogleg pålegg.

Du kan også byggja ut kanapeane litt. Her er fire forvaksne.

Når serverte du siste ordentleg god kveldsmat? Dekka bordet med alt du har, så alle kan laga seg herlege varierte sandwichar? Då er egg obligatorisk.

Eller gjer som dei danske dyrlegane og gå for ein kraftpakke.

Motsatsen er biff bearnés omgjord til eit lekkert smørbrød.

Klassikarane kjem me ikkje utanom. Dei får den statusen av ein grunn.

Kveldsmaten blir verkeleg til ein fargerik fest mørke kveldar med desse sandwichane.

Og me har alltid plass til eit lite dansk smørbrød med reker.

Vil du ha meir å velja i? Me har massevis av smørbrød, blingsar og sandwichar.