Sandwich med sild, syltet løk og røykt majones på en trefjøl.

Lag smørbrød som i TV-serien «Hygge i Strömsö». Legg på sild, egg og potet. Topp med røykt majones, sylta raudløk, rogn, dill og sitron.

Foto: Carina Ahlskog / YLE

Sandwich med sild, sylta løk og røykt majones

Lag kveldsmaten til ein fargerik fest på mørke og kalde vinterkveldar. By på klimasmart og nydeleg smørbrød med sild – ein beinfri, frisk og syrleg versjon.

Slik gjør du

Sild er proppfull av nyttig feitt, omega 3 og vitamin D. Sild er også klimasmart, så vil du redusere kjøttetinga, er sild eit nydeleg alternativ.

Silda

Trekk skinnet av silda.

Skyl silda under kaldt vatn. Hald fileten med kjøttsida opp. Legg fingeren under den tjukkaste delen av fileten og trekk skinnet av på begge sider.

Legg silda i sitronsaft, vatn og salt i cirka 10 minutt.

Etterpå marinerer du silda i sjalottløk, chili, sitronskal og olivenolje.

Sildefileter ligger til marinering i et grønt ildfast fat.

Marineringa lager ekstra god smak på silda.

Foto: Carina Ahlskog / YLE

Sylta raudløk

Løken blir delt på langs og blir plukka frå ein annan til små blad.

Kok opp eit 1-2-3 lag (ein del eddik, to delar sukker, tre delar vatn) og hell den kokande blandinga over løken.

Rødløk i syltelake i en gjennomsiktig skål.

Sylta raudløk passar godt til både kjøtt og fisk.

Foto: Carina Ahlskog / YLE

Røykt majones

Legg litt einerkvister i ei stor jerngryte med lokk, og skru på varmen. Når eineren byrjar å ryke, slår du av komfyren. Hell olja i ein eldfast bolle eller krus og sett det i gryta. Legg på lokket.

Røyk i cirka 15–20 minutt. La olja avkjølast til romtemperatur.

Hell den kjølige olja i eit djupt glas. Knekk egga og ha dei i olja. Bruk stavmiksar til å blande majonesen. Det er viktig å halde stavmiksaren i ro når du miksar slik at du kan sjå at egget byrjar å emulgere som ein majones.

Ta stavmiksaren så sakte opp, slik at all olja og egga kjem saman til ein jamn saus.

Smak til med salt, pepar og sitronsaft.

Røykt majones i en gjennomsiktig skål.

Røykt majones er fint følgje til nysteikte potetbåtar, og smaker også godt til fiskeburgar eller andre fiskeretter.

Foto: Carina Ahlskog / YLE

Lag sandwichen

Kok egga i 6 minutt

Skrell de kokte egga og del i cirka 4 store delar.

Skjær de kokte potetene i tynne skiver, mariner med grov sennep, olivenolje, dill, sitron, salt og pepar.

Skjær 4 skiver av rugbrødet på langs.

Ha majonesen, dei marinerte potetene og egget på brødet.

Fortsett med sild og den sylta løken.

Pynt med rogn og litt dill.

Avslutt med litt nykverna pepar.

Tips

I TV-serien «Hygge i Strömsö» blir denne retten laga med strømming. Vi har valt sild, som er meir vanleg i Noreg.

Frå Store Norske Leksikon:
Strømming er betegnelsen som brukes om en småvokst sild, hjemmehørende i Østersjøen. Betegnelsen brukes om all sild nord for Kalmar, enten den gyter om våren eller høsten. Den høstgytende bestanden er viktigst for fisket.

Kilde: Anders Samuelsson i TV-serien «Hygge i Strömsö»/YLE