Hopp til innhold

Wham-klassikar blir romantisk komedie

Wham-låten «Last Christmas» frå 1984 blir film med «Game of Thrones»-stjerna Emilia Clarke i hovudrolla. Filmen får premiere før jul neste år.

Emilia Clarke

Den britiske skodespelaren Emilia Clarke er kanskje best kjent for rolla ho spelar som Daenerys Targaryen i HBO-serien «Game of Thrones». No skal ho spele i den romantiske julekomedien «Last Christmas», som baserer seg på Wham-låten med same namn.

Foto: CHRIS DELMAS / AFP

Vi går straks inn i ei tid med sesongbasert musikklytting. Dei neste vekene kjem julemusikken til å strøyme ut frå radioar, kjøpesenter og strøymetenestar. Ei av dei julelåtane som kjem til å gå på tung rotasjon er Whams juleklassikar «Last Christmas» frå 1984.

No blir det laga ein romantisk komedie basert på songen, skriv Variety. Filmen skal etter planen ha verdspremiere 15. november neste år. Hovudrollene blir spelte av Emilia Clarke, kanskje mest kjend som Daenerys Targaryen i HBO-serien «Game of Thrones», og Henry Golding, som blant anna har spelt i filmen «Crazy Rich Asians».

Henry Golding

Den britisk-malaysiske programleiaren og modellen Henry Golding har fått fart på skodespelarkarrieren det siste året. Han har blant anna spelt i den kritikarroste filmen «Crazy Rich Asians».

Foto: Evan Agostini / AP

Paul Feig, som tidlegare har regissert blant anna «Ghostbusters» og «Bridesmaids», skal regissere og produsere filmen. Emma Thompson, som blant anna spelte i den romantiske julekomedien «Love Actually», og komikaren Bryony Kimmings skriv manuset.

Romantisk jul

Handlinga i musikkvideoen frå 1984 skildrar eit trekantdrama mellom George Michael, Andrew Ridgeley og modellen Kathy Hill. Rollene til Hill og Michael har vore i eit forhold tidlegare. Når vennane møtest til julefeiring i dei sveitsiske alpane, har Hill og Ridgeley funne tonen, medan Michael syng at han framleis elskar Hill.

Videoar frå Youtube kan innehalde reklame før videoen startar.

Det har ikkje kome så mykje informasjon om handlinga i filmen, men ifølgje Variety spelar Clarke rolla som Kate. Ho jobbar som alv i ein heilårs julebutikk i London. Ein dag kjem kjekkasen Tom, spelt av Golding, inn i livet hennar.

Eit London som pyntar seg til jul har vist seg som ei vinnaroppskrift tidlegare. «Love Actually» har blitt ein juletradisjon for mange. Både Jens Stoltenberg og Torbjørn Røe Isaksen har sagt at dei er fans. Kong Harald siterte også filmen då prins William og hertuginne Kate var på besøk i Noreg tidlegare i år.

Klarert med Michael

Ideen om å lage film basert på «Last Christmas» kom for fleire år sidan. George Michael, Emma Thompson og mannen hennar, skodespelaren Greg Wise, laga eit utkast som dei viste til Bryony Kimmings.

– Då eg blei med, var George veldig klar for prosjektet. Han hadde allereie signert papir som gav klarsignal. Men så døydde han. Men Greg og Emma hadde veldig lyst til å halde fram, seier Kimmings i eit intervju med Radio Times.

George Michael

George Michael døydde første juledag i 2016. Men då hadde han allereie gjeve klarsignal til å lage film basert på juleklassikaren han skreiv i 1984. I filmen blir det også ny musikk frå den døde artisten.

Foto: Francois Mori / AP

I tillegg til tittellåten, byr filmen også på ny musikk frå George Michael, skriv Variety. Michael døydde første juledag i 2016, 53 år gamal. Han hadde spelt inn mykje musikk som enno ikkje er publisert i tid før han døydde.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.