Hopp til innhold

Vann pris for beste kvinnelege skodespelar

Norske Renate Reinsve stakk av med prisen for beste kvinnelege skodespelar under filmfestivalen i Cannes.– Ein av dei største prisane ein filmskodespelar kan få, seier Norsk filminstitutt.

Renate Reinsve tørkar tårer på scenen etter å ha fått Best Actress Prize for "Verdens Verste Menneske"

RØRT: Ei rørt Renate Reinsve tek imot prisen for beste kvinnelege skodespelar i filmen «Verdens verste menneske». Dette er den første hovudrolla hennar.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

– Tusen takk til juryen, eg beundrar dykk så mykje. Denne tilhøyrer så mange, sa ei rørt Renate Reinsve då ho entra scena for å ta imot prisen sin.

Det er vanskeleg å sjå for seg at Renate Reinsve sin karriere ikkje skal skyta fart internasjonalt etter laurdag kveld.

Ho har nemleg vunne prisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla si i «Verdens verste menneske» regissert av Joachim Trier, på ein av verdas viktigaste filmfestivalar. Ho har allereie fått internasjonalt filmtilbod.

Renate Reinsve i hotellobbyen på veg bort til prisutdelinga under filmfestivalen i Cannes.

FØREBUING: Renate Reinsve får hjelp til siste førebuingar på antrekket før ho og resten av den norske gjengen skal bort til filmfestivalen få med seg prisutdelinga.

Foto: Simen Ekern / NRK

Stor spenning

Renate hylla samhaldet under produksjonen av filmen, og dedikerte deler av takketalen si til regissør Joachim Trier.

– Joachim, dine verdiar og dydar rundt det å laga film tar du med deg på sett, og du gjer det veldig gøy.

Det har vore knytt stor spenning til kven som kjem til å vinna.

Norske Renate Reinsve (33) har blitt prisa opp i skyene av utanlandske medium.

Ho har tidlegare uttalt til NRK at folk spring etter ho på gata i Cannes, og kastar seg om halsen på ho.

SER FRAMOVER: Hverdagen blir neppe helt den samme for Renate Reinsve (33) etter at Cannes-festivalens journalister konstaterer at "En stjerne er født".

PRISVINNAR: Renate Reinsve kan sjå langt etter livet slikt ho kjenner det i dag. Ho har vunne prisen for beste kvinnelege hovudrolle på ein av verdas viktigaste filmfestivalar.

Foto: VALERY HACHE / AFP

Ho, Trier og resten gjengen var i første omgang i Cannes under premieren av filmen, før dei reiste heim igjen til Noreg. Då nokon av dei blei kalla tilbake til Cannes, auka spenninga, og det blei spekulasjonar i om det kunne bety norsk pris.

– Uansett kva pris me får, vil me føla dette som ein siger for heile gjengen, sa Trier til NRK i forkant av prisutdelinga.

Totalt sju prisar blei delt ut i hovudkonkurransen under Filmfestivalen i Cannes. I tillegg til prisen Golden Camera, som gjekk til filmen Murina av Antoneta Alamat Kusijanovic, og palmen for den beste kortfilmen, som gjekk til filmen Tian Xia Wu Ya av Tang Yi.

Filmfestivalen starta 6. juli og var ferdig etter prisutdelinga i kveld. Dette var den 74. utgåva.

Bilde frå filmen "Verdens verste menneske" (2021)

STJERNER: Bilde frå «Verdens verste menneske». Herbert Nordrum speler rolla som Eivind, medan Reinsve speler Julie.

Foto: Oslo Pictures

Ingen norsk gullpalme

Den aller største prisen på heile festivalen, Gullpalmen, gjekk til den franske filmen Titane av Julia Ducournau. Det melder nyheitsbyrået AFP. Ducournau har blant anna regissert filmen «Raw» frå 2016.

Dermed blei det ingen norsk siger i hovudkonkurransen. «Verdens verste menneske» var ein av 24 filmar som deltok i kampen om den mest høgthengande prisen.

På dei 65 åra filmfestivalen har eksistert, har berre ni norske filmar blitt plukka ut til hovudkonkurransen tidlegare.

Førre norske film var òg ein av Trier sine, nemleg den engelsk- og franskspråklege «Louder Than Bombs» frå 2015. «Verdens verste menneske» blir den første norskspråklege filmen i hovudkonkurransen sidan «Arven» av Anja Breien som deltok i 1979.

– Sjarmerte ei heil verd i senk

– For å samanlikna dette med idrett, så er dette verdsmeisterskapet i film, sa kulturminister Abid Raja (V) til NRK då han var i Cannes tidlegare i juli.

Han seier til NRK laurdag kveld at prisen til Reinsve er fortent.

– Eg føler meg så heldig over å ha møtt ho. Ho har like vakker personlegdom i ein-til-ein-samtale som den me såg kom til uttrykk på skjermen i filmen, og på den raude løparen der ho sjarmerte ei heil verd i senk, seier Raja.

Reinate Reinsve viser fram prisen for beste kvinnelege skodespelar i Cannes.

PRISVINNAR: Reinate Reinsve viser fram prisen for beste kvinnelege skodespelar i Cannes.

Foto: Vianney Le Caer / AP

– Første gang nokonsinne

For første gang nokonsinne har ein norsk skodespelar fått pris i kategorien beste skodespelar på filmfestivalen i Cannes, skriv Norsk filminstitutt i ei pressemelding laurdag kveld.

– Dette er ein stor dag for Renate Reinsve, og vi i Norsk filminstitutt gratulerer henne hjarteleg. Dette er ein av dei største prisane ein norsk filmskodespelar kan få på det som er den viktigaste filmfestivalen i verda skriv direktør Kjersti Moe.

GULLGUTTER: Joachim Triers film "Verdens verste menneske" har vunnet selv om det ikke blir noen pris i kveld, skal vi tro manusforfatter Eskil Vogt (t.h)

SAMARBEID: Eskil Vogt (t.h) har vore medmanusforfattar på Joachim Trier (t.v.) sin film. Vogt deltok i tillegg med sin eigen film «De uskyldige».

Foto: Simen Ekern

Regissør og manusforfattar Eskil Vogt deltok også med sin film «De uskyldige» i sideprogrammet «Un Certain Regard»/«Et spesielt blikk». Denne rakk ikkje til å vinna pris, men har tidlegare uttrykt Vogt stor entusiasme over at filmen kan sjå ut til å bli distribuert breitt.

– Dette er ikkje ferdigforhandla endå, men me har fått mange tilbod – frå heile verda. Det er jo det ein håpar på når ein reiser ned til Cannes. At filmen skal bli seld, rett og slett. Ikkje berre at folk seier de synest han er fin.

Han har i tillegg vore medmanusforfattar på Trier sin «Verdens verste menneske», og dei to har jobba tett saman i mange år.

Dette var dei nominerte til Gullpalmen:

  • Annette av Leos Carax (opningsfilm)
  • The Story of my Wife av Ildikó Enyedi
  • Benedetta av Paul Verhoeven
  • Bergman Island av Mia Hansen-Løve
  • Drive My Car av Ryusuke Hamaguchi
  • Flag Day av Sean Penn
  • Ha’berech av Nadav Lapid
  • Casablanca Beats av Nabil Ayouchafhytti
  • Hytti nro 6 av Juho Kousmanen
  • Verdens verste menneske av Joachim Trier
  • La fracture av Catherine Corsini
  • Les intranquilles av Joachim LaFosse
  • Les olympiades av Jacques Audiard
  • Lingui av Mahamat Saleh Haroun
  • Memoria av Apichatpong Weerasethakul
  • Nitram av Justin Kurzel
  • Par un demi clair matin av Bruno Dumont
  • Petrov’s Flu av Kirill Serebrennikov
  • Red Rocket av Sean Baker
  • The French Dispatch av Wes Anderson
  • Titane av Julia Ducournau
  • Tre piani av Nanni Moretti
  • Tout s’est bien passé av François Ozon
  • A hero av Asghar Farhadi

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.