Hopp til innhold

Universal-artistar fjerna frå TikTok

All musikken til Universal-artistar forsvinn no frå TikTok etter at plateselskapet og videotenesta ikkje vart samde om ny avtale. – Mi største plattform, men slik er det berre, seier norske Ramón.

Ramón under sin konsert på Slottsfjell 2023

Ramón er blant dei norske artistane som har kontrakt med Universal.

Foto: Eskil Olaf Vestre

I eit ope brev skriv Universal at dei i forhandlingane om ein ny avtale blant anna har kravd at TikTok skal betale meir til artistar og låtskrivarar når dei bruker musikken deira i videoar.

Universal skriv i brevet at TikTok berre ville betale ein brøkdel av de andre sosiale medium betaler.

– TikTok prøver å bygge ei musikkbasert verksemd utan ei rettferdig betaling for musikken, meiner plateselskapet, som seier TikTok står for under 1 prosent av omsetninga til Universal Music.

Les også Spotify sier opp ansatte – tror prisene kan øke

Spotify

Torsdag gjekk fristen ut, og all Universal-musikk blir fjerna frå den sosiale plattforma.

Det vil seie at store internasjonale artistar som Taylor Swift, Drake, The Weeknd og The Beatles forsvinn.

Film Review Taylor Swift Eras Tour

Taylor Swift er verdas største artist akkurat no. Ho kan forsvinne frå TikTok om det ikkje blir ny avtale.

Foto: George Walker IV / AP

Norske artistar også ramma

Blant dei norske artistane som har kontrakt med Universal, er Ramón og fjorårets MGP-vinnar Alessandra som begge bruker TikTok i marknadsføringa av musikken sin.

Ifølge Ramón var TikTok ein viktig grunn til at han slo igjennom som artist. Han brukte video-appen blant anna til å promotere eigen musikk.

Dagen etter at låten «ok eg lover» kom ut i februar 2022, blei det ny norsk strøymerekord. Suksessen førte til platekontrakt med Universal.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Ramón, men på Snapchat stadfestar artisten at han er borte frå TikTok.

– No er musikken min og alle andre Universal-artistar sin musikk fjerna frå TikTok. Det har de kanskje fått med dykk. Det er fordi TikTok ikkje vil betale artistane det Universal meiner dei fortener, seier artisten og legg til:

– Eg visste ikkje at eg fekk betalt for TikTok, eg.

Universal Music i Noreg seier dei ikkje ønsker å kommentere forhandlingane eller at musikk kan bli trekt tilbake.

Ramón seier han no mistar ein viktig arena for å nå ut til fansen.

– Dette er utanfor min kontroll og eg kan ikkje gjere noko med det. Musikken er framleis på Spotify, men TikTok er min største plattform. Men sånn er det berre, seier Ramón på Snapchat.

Meiner Universal er grådige

Det kan sjå ut til at avstanden mellom TikTok og Universal er svært stor. Tysdag kveld kom ei fråsegn frå TikTok, der dei skriv at plateselskapet sviktar artistane.

– Det er trist og skuffande at Universal Music Group set eiga grådigheit over interessene til artistane og låtskrivarane.

Dei skriv at dei har klart å komme fram til avtalar med andre plateselskap og musikkforlag, og at Universal no sviktar artistar og fans.

– Dei har valt å skrote ein plattform med over ein milliard brukarar som kan vere ein gratis reklamekanal og eit verktøy for å oppdage ny musikk.

Les også Nostalgibølger på hitlistene

Nirvana, Kate Bush og Metallica.

– Dramatisk for TikTok

Dette er ei dramatisk vending, seier førstelektor i musikk ved Høgskolen i Kristiania, Audun Molde.

– Det vil vere dramatisk for TikTok, og for veldig mange artistar. Universal er verdas største plateselskap med den største marknadsdelen. Så dei er ein viktig leverandør til TikTok.

Audun Molde

Førstelektor i musikk Audun Molde ser at TikTok har blitt ei viktig kjelde til musikk for mange.

Foto: Jonatan A. Quintero / Jonatan A. Quintero

Grunnen til at det er så fastlåst, er at TikTok har ein annan modell for betaling til dei som har opphavsretten.

Tanken er at folk skal bli nysgjerrige på musikken som blir brukt i videoar, og oppsøke strøymetenester for musikk for å høyre meir, som skal gi pengar til både plateselskap, artistar og låtskrivarar.

Men no har dette endra seg, seier Molde.

– Vi ser at stadig fleire, og spesielt unge, bruker meir tid på TikTok, og bruker no TikTok som ein primærkanal for å høyre på musikk.

Les også Derfor selger artister musikken sin

Bruce Springsteen

Historia gjentek seg

Akkurat no er situasjonen fastlåst, men dette er ein situasjon musikkbransjen har vore gjennom eit par gongar tidlegare.

– Då MTV kom, var tanken at dei skulle vise videoar gratis, og så skulle folk kjøpe musikken. Men det enda med at folk blei sittande å lytte på gratis musikk på TV. Det same skjedde med YouTube. Og no er det TikTok.

Youtube Music app

YouTube Music har i dag over 80 millionar abonnentar.

Foto: Richard Vogel / Ap

Når all Universal-musikk forsvinn frå TikTok, vil det kunne bli eit kortsiktig tap for både artistar og TikTok. Men på lengre sikt, kan det føre til ei endring.

– På lengre sikt kan dette tvinge fram betre vilkår for kompensasjon til artistar og opphavsrett frå TikTok. Så på lang sikt kan det gjere at artistar tener på det.

Les også Frykten for robot-popen

Yellow Submarine - 1968
Editorial use only. No book cover usage. Mandatory Credit: Photo by Snap Stills/REX (1933403c) The Beatles Yellow Submarine - 1968

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.