Hopp til innhold

Nostalgibølge på hitlistene

Fleire gamle låtar brukt i TV-seriar og film bit seg fast på hitlistene. Sist ein såg ein slik trend var før internett.

Nirvana, Kate Bush og Metallica.

Nirvana, Kate Bush og Metallica.

Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFP. Trevor LEIGHTON / FISH PEOPLE / AFP, AP

I eit trongt og varmt rom med grønt lys i Oslo konsentrerer islandske Hállldora Rún Bergmann seg om å henge med på tempoet til den nye favorittlåten hennar.

Kate Bush-låten «Running Up That Hill» gjev ho gåsehud.

– Og så få den meg til å kjenne meg sterk, seier ho.

Bak baren på karaokebaren møter vi Leon Moi. Han kan fortelje oss akkurat kva episode og scene i Netflix-serien Stranger Things enkelte av låtane frå lydsporet blir brukt i.

– At så mange unge no høyrer på Kate Bush skapar ei kjensle av tilhøyrsle for meg, seier bartenderen.

Leon Moi på SYNG Grünerløkka

Leon Moi på SYNG Grünerløkka

Foto: Daphne Steketee / NRK

Ny suksess for gamle travarar

«Running Up That Hill» er ei av fleire låtar frå før internett som har fått høge plasseringar på hitlistene i det siste.

Siste sesong av Stranger Things har i sommar skote den over tretti år gamle songen til topps både Billboard sine globale topplister og gjort låten til den mest strøyma låten på Spotify – nesten førti år etter at den kom ut.

Den 36 år gamle Metallica-låten «Master Of Puppets» har også klatra langt opp på den amerikanske hitlista Billboard Hot 100 som følgje av serien.

Det same gjorde Nirvana-låten «Something in the way» i vår etter å ha blitt brukt to gongar i den nye Batman-filmen, og i den første «traileren» til filmen.

Fleire yngre på platejakt

Vi reiser til bruktbutikken Råkk and Rolls i Oslo for å sjå om Stranger Things-hypen har ribba butikken for «Hounds of Love» og «Master of Puppets».

Kate Bush- og Metallica står ikkje lengre enn ein time før dei er selt, fortel mannen bak kassa.

Før var det folk i midten av 20-åra til 50-åra som ville ha desse artistane.

No kjem det også yngre folk ned til femtenårsalderen for å kjøpe plater som denne, seier André Bjørnsrud og trekk fram «Master of Puppets» frå ein bunke med vinylcover.

André Bjørnsrud driver bruktbutikken Råkk & Rålls i Stortingsgata 8 i Oslo.

André Bjørnsrud merkar Stranger Things-hypen på LP-salet.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Retrobølge på åtti- og nittitalet

Unge i dag er ikkje aleine om å finne glede i foreldra sine platesamlingar. To år etter at «Running Up That Hill» kom ut såg ein og ei retrobølge.

I 1987 skubba filmane «Ferris Bueller's Day Off» og «Back to School» Beatles låten «Twist and Shout» opp på hitlista for første gong på over 20 år, skriv Billboard.

Gjennom «blockbustarar» og TV følgde fleire låtar etter dei neste åra, før det roa seg igjen.

Mellom 1994 og 2015 var det faktisk ingen gamle låtar som vart så populære gjennom bruk i film eller TV at det gav utslag på hitlistene, ifølgje Billboard.

Så skjedde det igjen. I 2015 klatra «Straight out of Compton» frå 1988 inn på hitlista til Billboard på grunn av filmen om rapgruppa N.W.A, skriv musikkmagasinet.

Men det var først i år, med revitaliseringa av «Running Up That Hill», «Something in the Way» og «Master of Puppets» gjennom Stranger Things og Batman at slike låtar har klart å halde seg på topplistene over lengre tid, skriv Billboard.

Straight Outta Compton

Straight Outta Compton tjuvstarta ei ny retrobølgje i 2015.

Foto: Jaimie Trueblood

TikTok fungerer som bensin på bålet

På platebutikken til André Bjørnsrud i Oslo møter vi og medieforskar Anja Nylund Hagen som til dagleg jobbar som seniorrådgjevar i Kulturrådet.

Medan ho blar i reolane som om det var 1985, fortel Hagen at dei høge listeplasseringane til låtane kjem som følgje av at fleire medium verkar saman.

– Strøymetenestar som Spotify og Netflix verkar saman med sosiale og brukardrivne medium som TikTok, seier ho.

Medieforskar og seniorrådgjevar i kulturrådet Anja Nylund Hagen.

Strøymetenestar som Spotify og Netflix verkar saman med sosiale og brukardrivne medium som TikTok. Listeplasseringane til låtane er eit resultat av media verkar saman, forklarar medievitar Anja Nylund Hagen.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Men kor stort utslag på hitlistene kan det å gå viralt på TikTok aleine gje ei gammal låt?

I oktober 2020 kapra dei gamle rockarane i Fleetwood Mac 10.-plassen på Billboard si liste over dei mest strøyma låtane i verda med ei låt frå 1977 heilt utan draghjelp frå ein film eller ein TV-serie.

«Dreams» trengde berre ein 15-sekund lang video på TikTok med ein glad fyr som drakk tranebærjus medan han skata til jobb.

«Dreams» gav Nathan Apodaca ein god start på dagen.

Eit kaldtbord som aldri går ut på dato

Kulturkommentator i NRK Inger Merete Hobbelstad er ikkje overraska over at «Running up that hill» og andre låtar har fått ny suksess.

Personane som vaks opp med låtane er no avgjerdstakarar, regissørar og produsentar, påpeikar ho.

– Dei vil ha lett for å gje grønt lys til prosjekt som vekker dei same kjenslene som den gang, seier Hobbelstad.

Sjå TikToks tolking av kjempehitten.

– Er ny musikk så dårleg at dette er nødvendig?

– Nei, svarar Hobbelstad og snur på spørsmålet.

– Kvifor skal vi avgrense oss til det som blir laga her og no?

Kreative folk har levd til forskjellige tider, stelt seg til forskjellige strøymingar i tida og handla ifrå ulik inspirasjon, påpeikar ho.

– Det er ei gåve å ha tilgang til det dei lét etter seg. Fortida er eit stort kaldtbord, og vi blir ein fattigare kultur viss vi gløymer det, seier Hobbelstad.

Hedvig Haugen.

Hedvig Haugen får ei mystisk kjensle av musikken til Kate Bush. – Det er ei heilt annan verd. Det ho skriv om er så fint, seier Haugen.

Foto: Privat

– Musikk går aldri ut på dato

Gjennom NRK Nyheiter på Snapchat kjem NRK i kontakt med fleire ungdomar som er heilt einig med Hobbelstad sin kaldtbord-metafor.

Hedvig Haugen oppdaga musikken til Bush på TikTok før sesong fire av Netflix-serien kom ut i vår.

– Så gløymte eg ho. Men då «Running Up That Hill» vart spelt i Stranger Things fann eg tilbake til musikken hennar.

Sidan har ho høyrt masse på artisten.

– No elskar eg Kate Bush. Musikk går aldri ut på dato, seier ho.

I tillegg blir det lettare allsong i bilen, når fleire generasjonar liker dei same låtane.

– At eg og faren min liker den same musikken er veldig artig.

I saka under kan du lese meir om Kate Bush:

En høyt elsket stabeis Kate Bush ble stemplet som et sexsymbol, men skulle endre popmusikken.

Kate Bush

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger