Den russiske artisten Julija Samojlova blir nekta av Ukraina å delta i årets Eurovision-konkurranse som blir arrangert i Kiev.
Årsaka er at Samojlova opptredde på Krimhalvøya i 2015, etter at Russland annekterte landsdelen frå Ukraina. Ifølge ukrainske styresmakter har ho brote ukrainsk lov fordi ho reiste til Krimhalvøya utan tillating frå Ukraina og fordi ho reiste dit via Russland.
Skarp kritikk
Den ukrainske sikkerheitstenesta (SBU) har forbode Samojlova å reise inn i landet i tre år. Dermed blir det vanskeleg for henne å framføre songen «Flame is burning», som er Russlands utvalde bidrag i år.
Sjefen for EBU (Den europeiske kringkastingsunionen), Ingrid Deltenre, skrev i førre veke eit brev til den ukrainske statsministeren, at Ukraina kan bli kasta ut av melodikonkurransen dersom Russland ikkje får vere med.
Nå rettar det ukrainske medieselskapet UA:PBC skarp kritikk mot EBU.
I ein offentleg utsegn skriv medieselskapet at Ukraina har vore medlem i EBU og delteke i Eurovision lenge, og at dei ukrainske deltakarane «alltid har respektert vertslanda sine lovar og reglar», skriv SVT.
Julija Samojlova, som har sete i rullestol sida ho var barn, song under opninga av Paralympics i Sotsji i 2014.
Foto: Ekaterina Lyzlova / APLeitar etter løysing
Det ukrainske medieselskapet reagerer kraftig på EBU si oppførsel og er kritiske til at EBU uttrykker seg på denne måten overfor Ukraina og ikkje mot Russland. Dei skriv at dei ser på dette som ein motsetning til det «ikkje-politiske» ESC.
– Vi ber EBU om å respektere Ukrainas suverenitet og at dei avstår frå å gjere EBU til eit instrument for politisk manipulering, skriv UA:PBC.
Medieselskapet ber også om at EBU unngår truslar om mogleg utestenging av Ukraina i Eurovision song contest
EBU: – Gjer det me kan
EBU seier til SVT at dei gjer det dei kan for å finne ei løysing slik alle dei 43 landa får delta i Eurovision i mai.
– Vår høgste prioritering er å skape eit spektakulært Eurovision song contest i samarbeid med vårt medlem UA:PBC i Kiev i mai, understrekar EBU.