Hopp til innhold

Ukraina får bot etter ESC-bråket

Den europeiske kringkastingsunionen, EBU, gir den ukrainske kringkastaren ei bot etter alt bråket før finalane i Eurovision Song Contest i Kiev i mai i år.

Ukraine Eurovision Song Contest

Det var stor glede då Salvador Sobral sikra Portugal den første sigeren i Eurovision Song Contest. No får den ukrainske arrangørane kritikk og bot for bråket før finalen.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

SWITZERLAND-UKRAINE-RUSSIA-POLITICS-EUROVISION

Eurovisionsjef Jon Ola Sand seier årets ESC-finale har vore den mest krevjande finalen i den tida han har vore sjef.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

I ei utsegn frå EBU får dei ukrainske arrangørane av Eurovision Song Contest kritikk etter årets finale. Førebuingane til finalen var prega av fleire kraftige utsettingar og kaos. Til slutt måtte EBU sette i verk ein redningsaksjon for å sikre at musikkonkurransen kom på lufta.

Rett før finaleveka sa Eurovisionsjef Jon Ola Sand at dette hadde vore det mest krevjande året i den tida han hadde vore sjef for konkurransen:

– Det har vore stor entusiasme og interesse for prosjektet, men det har vore vanskeleg å manøvrere eit så stort prosjekt i Ukraina. Det har vi verkeleg fått kjenne på.

Bråket med Russland

Julia Samojlova

Den russiske artisten Julija Samojlova blei nekta innreise til Ukraina fordi ho hadde spelt på Krimhalvøya.

Foto: Ho / AFP

Dei ukrainske arrangørane får også kritikk for korleis dei handterte konflikten med Russland. Den russiske deltakaren, Julija Samojlova, blei nekta innreise til Ukraina fordi ho hadde spelt på den annekterte Krimhalvøya.

EBU prøvde å finne ei løysing på konflikten, men det heile enda med at Russland trekte seg frå heile konkurransen.

I utsegna frå EBU skriv dei at den ukrainske kringkastaren ikkje har oppfylt pliktene sine i denne saka fordi dei ikkje klarte å samarbeide med EBU då dei forsøkte å finne ei løysing slik at den russiske artisten kunne delta.

På grunn av dette har Ukraina fått ei bot på 200.000 euro, eller nesten to millionar norske kroner. Direktør Zurab Alasania i vertskringkastaren UA: PBC seier til Reuters at dei kjem til å anke avgjerda.

Ingen straff til Russland

Spekulasjonane har også gått om den russiske tv-stasjonen Channel One også ville bli straffa etter at dei trekte seg frå konkurransen. Men EBU seier dei ikkje vil gjere noko i denne omgang. Men styringsgruppa for ESC kjem likevel med kritikk mot den russiske kanalen for ikkje å delta på obligatoriske møter i Kiev i mars, og for ikkje å sende finalen.

Leiaren for styringsgruppa, Frank Dieter Freiling, seier i utsegna at dei håper å unngå at liknande ting skal skje i neste års finale i Portugal.

– EBU ønsker å understreke at Eurovision Song Contest skal vere eit apolitisk arrangement som skal sameine publikum, og at alle som deltek er forplikta til å bidra til dette. I tillegg håper vi at representantar frå både Russland og Ukraina kan stå på same scene i Portugal i ein venleg og apolitisk konkurranse

Kulturstrøm

  • Progrockbandet «Rush» gjør comeback med kvinne bak trommene

    Progrockbandet «Rush» gjør comeback etter over ti år med pause. Mandag varslet bandet at de skal ut på turné i USA, Canada og Mexico i 2026.

    Det blir første gang Geddy Lee og Alex Lifeson opptrer sammen etter at trommeslager Neil Peart gikk bort i 2020, skriverThe guardian.

    Lee og Lifeson har ansatt tyske Anika Nilles (42) som ny trommeslager i bandet. Hun ble oppdaget av «Rush» da hun spilte med Jeff Beck på hans siste Europa-turné i 2022.

    De beskriver den kommende turnéen som en feiring av over 50 år med Rush-musikk.

    
Alex Lifeson (til venstre) og Geddy Lee fra bandet Rush på Rock and Roll Hall of Fame i 2017
    Foto: AP
  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP