Hopp til innhold

Tv-selskapa aukar nettsatsinga

På grunn av endringar i sjåarvanane, må tv-kanalane tenke nytt. Denne hausten kan du sjå fleire tv-seriar på nett før dei blir sendt på tv.

Vikingane

Alle episodane i NRK-serien «Vikingane» blir lagt ut på nett i oktober.

Foto: Glenn Meling/Finn Erik Johannessen/NRK

Stadig fleire av oss ønsker å sjå tv-programma når vi vil, og ikkje la sendeskjemaet til kanalane bestemme. Mange har også skaffa seg abonnement til ein eller fleire strøymetenester, som Netflix og HBO.

Det har fått tv-kanalane til å tenke nytt. Fredag presenterte NRK tv-hausten. Då kom det fram at program oftare enn før skal leggast ut på nett-tv før dei går på vanleg tv. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen sa under presentasjonen at NRK gjer dette for å gi publikum større valfridom til å sjølve planlegge tv-kveldane sine.

Eksklusivt for nett

Nicolai Cleve Broch fra Frikjent, sesong 2

TV2 legg nye episodar av «Frikjent» ut på nett før serien går på tv.

Foto: Eirik Evjen / Miso Film

Då TV2 i mai offentleggjorde at dei ville spare 350 millionar kroner fram mot 2020, sa dei samtidig at dei ville satse meir på nett-tenesta TV2 Sumo. I haust kan du blant anna sjå nye episodar av «Frikjent» før dei går på tradisjonelt tv. Dei legg også ut alle episodane av den amerikanske serien «Vikings» før dei har gått på tv. I tillegg har du lenge kunne sjå neste episode av «Hotel Cæsar» dagen før han går på tv. Frå nyttår blir denne serien laga eksklusivt for nett.

Marcus og Martinus

Marcus og Martinus får eigen nettserie.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Discovery, som blant anna eig TVNorge, Max og Eurosport, skal lage ein serie om dei populære artistane Marcus og Martinus. Denne skal visast berre på nett. I tillegg har dei nye episodane av «Åndenes makt» vore tilgjengelege på nett i sommar.

– Vi vurderer også fortløpande om andre program skal visast først på nett eller vanleg tv. I tillegg leikar vi oss med ulike måtar vi kan vere til stades på sosiale medium, seier mediesjef Hanne McBride i TVNorge og Discovery Networks.

Sjåarlekkasje

Knut Kristian Hauger, Kampanje

Kampanje-redaktør Hans Kristian Hauger.

Foto: Kampanje

Den auka satsinga på nett-tv er ein naturleg konsekvens av tv-utviklinga dei siste åra, seier redaktør Hans Kristian Hauger i medienettstaden Kampanje:

– Dei siste åra har tv-kanalane sett at sjåarar har flytta seg frå store skjermar til nett og mobile skjermar. Når kanalane no gjer innhaldet meir tilgjengeleg, så er det ein måte å prøve å bøte på denne lekkasjen.

Hauger trur vi kjem til å få ei utvikling der vi ser at fleire program kjem raskare på nett, og at vi i mange tilfelle også ser program som berre blir vist på nett. For tv-selskapa er dette ein måte å nå dei yngre sjåarane på. Han viser blant anna til NRK-serien «Skam» og TVNorge-serien om Marcus og Martinus som eksempel på seriar som blir laga eksklusivt for nettet.

Kulturstrøm

  • Jon Fosse nominert til amerikansk pris

    Jon Fosse er nominert til den amerikanske kritikerprisen National Book Critics Circle Award for «Eit nytt namn. Septologien VI-VII», melder NTB.

    På engelsk har romanen fått tittelen «A New Name», og den er oversatt av Damion Searls.

    Prisen deles ut natt til fredag norsk tid.

    Samme roman sørget for at Fosse fikk Brageprisen og Kritikerprisen, samt at han ble kortlistet til de internasjonale prisene Bookerprisen og National Book Award.

  • The Gathering tilbake igjen

    Datafestivalen «The Gathering» ararangeres i Vikingskipet i Hamar for første gang på fire år. De siste årene har det vært arrangert online-versjoner av festivalen på grunn av pandemien. «The Gathering» finner sted fra 5. – til 9. april.

    The Gathering
    Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
  • 150 vektere kan miste jobben ved Nasjonalmuseet

    Nasjonalmuseet får krass kritikk fra tillitsvalgte. 150 Securitas-vektere kan miste museet som arbeidsplass.

    – En statlig institusjon som dette bør kjempe for et anstendig arbeidsliv, sier hovedtillitsvalgt Stian Tveitan i Securitas til Aftenposten.

    To selskaper har til nå hatt ansvar for vaktholdet i Nasjonalmuseet: Securitas og Protect Vakthold og Sikkerhet, men fra 1. mai skal Protect ta over hele vaktholdet etter at de vant en anbudskonkurranse.

    Nasjonalmuseet
    Foto: Annika Byrde / NTB