Hopp til innhold

Vil demonstrera mot Hotel Cæsar-flytting

TV2 melde denne veka at Hotel Cæsar blir tatt av skjermen, og flytta til TV2 Sumo. Nina-Kristin Løknes er blodfan av serien. Ho har no starta ein aksjon mot kanalen, for å få dei til å endra meining.

TV2 melde denne veka at Hotel Cæsar blir tatt av skjermen, og flytta til TV2 Sumo. Det likar ein av Norges kanskje største fans av serien, dårleg.

Nina-Kristin Løknes er ein stor fan av Hotel Cæsar, ho likar dårleg at serien blir tatt av tv-skjermen.

– Det er livet mitt, seier Nina-Kristin Løknes.

Ho snakkar om dramaserien Hotel Cæsar, som ho er ein ihuga fan av. Ho har sett alle dei 3000 episodane, fleire gonger. Og seier sjølv at ho vart hekta frå første episode.

– Eg blei heilt bergtatt med ein gong. Og så såg eg ein episode til, og ein episode til, og så heldt det berre fram. Og no har eg følgt med på det i snart 18 år, seier Løknes.

Nina Kristin Løknes og Kim-Daniel Sannes som spiller Storm Liland Anker-Hansen i Hotel Cæsar

Nina Kristin Løknes saman med sitt store idol, Kim-Daniel Sannes, som spelar Storm Liland Anker-Hansen i Hotel Cæsar.

Foto: Privat

Vil demonstrera mot flytting

Men no, som ho først sa til Haugalandsnytt, er ho opprørt. For denne veka melde TV2 at dei vil ta serien av skjermen. Frå og med desember blir Hotel Cæsar berre tilgjengeleg på den internettbaserte tenesta TV2 Sumo.

– Det er tragisk. Hotel Cæsar har gått sidan 24. oktober 1998, og det er ein tradisjon å ha det på TV2, seier Løknes.

Løknes fryktar at mange ikkje kjem til å kunne halde fram med å følgje serien.

– Det er folk som ikkje har råd til å ha TV2 Sumo, eller som ikkje er så teknisk anlagte at dei veit korleis det fungerer. Dette synst eg ingenting om, seier Løknes.

Difor har ho no sett i gong ein underskriftskampanje på Facebook, for å få TV2 til å endre meining.

– Me har også laga ei eiga protestgruppa mot TV2 på Facebook. Og der held eg på å samla inn folk, til å vera med til Oslo for å protestera mot TV 2, seier Løknes.

Trur fansen vil følgje med

Christopher Haug

Dramasjef i TV2, Christopher Haug, seier at dei ikkje vil endra meining.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

I TV2 seier dei at det er endra sjåarvanar som er årsaka til at dei tek Hotel Cæsar av den vanlege skjermen. Og dei vil ikkje gjera om på sitt vedtak.

– Me trur at dette kan få Hotel Cæsar til å leva lengre. Og me har også verdas beste fanskare, slik at me er ganske sikre på at dei vil vera med over på TV2 Sumo, seier Christopher Haug, dramasjef i TV2.

– Håpar TV 2 blir bombardert med e-postar

I løpet at dei 18 åra Hotel Cæsar har gått på TV2, har det blitt nokre turar til Oslo på haugesundaren Nina-Kristin Løknes for å møta idola i serien.

Nå planleggar ho no ein ny tur til hovudstaden for å demonstrera mot TV2 si avgjersle.

Trur du det hjelper å troppe opp hos TV2 og protestera?

– Me håpar jo på det. Men me håpar jo også at TV2 skal bli bombardert med telefonar og e-postar frå hysteriske Hotel Cæsar-tilhengjarar, seier Løknes.

Flere nyheter fra Rogaland