NRK Meny
Normal

Arrestasjonar skapar problem i verdas største kunstmarknad

To kunsthandlarar som har samarbeidd med Ai Weiwei er fengsla i Kina, skulda for svindel. Byråkrati og jerngrep kan legge ein dempar på den enorme kinesiske kunstmarknaden.

CHINA-ART-AUCTION-HOUSE

Dette biletet frå mai i år er tatt ved ett av dei mange auksjonshusa for kunst i Beijing. Kina har gått forbi USA som det landet i verda som omsetjer mest kunst. Arrestesjonane av dei to kunsthandlarane kan dempe framgangen.

Foto: LIU JIN / Afp

Kina gjekk forbi USA som den største kunstmarknaden i verda tidlegare i år. No har kinesiske styresmakter lagt ein dempar på kjøpefesten.

Ein tysk kunsthandlar og kinesisk tilsett vart arrestert i mars i år, skulda for å ha underprisa importert kunst for å unngå toll, melder The New York Times.

Styresmaktene har no varsla ei brei etterforsking av den kinesiske kunstverda:

  • Rike samlarar har fått forbod mot å reise ut av Kina så lenge etterforskinga pågår.
  • Dei store auksjonshusa Sotheby's og Christie's er bedne om å samarbeide med styresmaktene.
  • Kunstmarknaden skjelv og fleire kunsthandlarar held lav profil.

– Fleire folk her tør ikkje å gå på jobb, eller dei brukar berre underordna tilsette i galleria sine. Dei kan ikkje arrestere alle, men alle er likevel nervøse, uttaler ein anonym galleridirektør i Beijing til The New York Times.

Kan få livstid

Ai Weiwei

Den omstridde kunstaren Ai Weiwei.

Erlend Høyersten

Erlend Høyersten er direktør for Kunstmuseene i Bergen.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Nils Jennrich og Lydia Chu, som er tilsett i Integrated Fine Art Solutions, sit fengsla i Beijing skulda for smugling.

Der har dei vore sidan 30.mars, og dei risikerer fengsel på livstid.

Det er tilsvarande straff ein får for å ulovleg importere våpen og dop. Det er ikkje sett nokon dato for rettsaka.

Integrated Fine Art Solutions har seld verk av den omstridde kinesiske kunstnaren Ai Weiwei. Det har fått fleire til å setje spørsmålsteikn ved bakgrunnen for fengslinga.

Andre har hevda at myndigheitene vil rydde unna eit utanlandsk selskap for å gjere plass for ein ny stor kinesisk kunsthandlar.

Kunstmuseene i Bergen stiller til hausten ut ti leiande kinesiske kunstnarar.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med aktørane, og er heldige som har ein nøkkelperson som kjenner marknaden godt. Men kulturforskjellane har vi merka, fortel direktør Erlend Høyersten til NRK.no.

– Det er knotete

I Europa kan museum unngå toll på lånte verk dersom dei underskriv ein avtale som garanterer at verket ikkje skal seljast og at det skal tilbakeførast til eigar igjen etterpå.

I Kina må musea derimot stille med store depositum.

– Vi har brukt mykje tid og folk på denne utstillinga i forhold til samarbeid med andre land. Det er knotete og mykje byråkrati, seier Høyersten, som trur at denne ulempen kan få konsekvensar for den kinesiske kunstmarknaden.

– Marknaden er avhengig av tilgjengelegheit og etterspørsel. Blir ting tungvint og ressurskrevjande kan det påverke interessa for kinesisk kunst, seier han, og fortset:

– Investorar er ikkje berre opptatt av talent, men av om ein kunstnar kan produsere meir. Få vil vere interessert i å betale høge prisar dersom det er ei døgnfluge. Strukturane som må vere til stade for at dei kan produsere kunst blir no uthola av kinesiske styresmakter.

Saka fortset under biletet.

CHINA-LIFESTYLE-ART-AUCTION

Vårauksjonen ved auksjonshuset Poly International i Beijing 2. juni i år.

Foto: STR / Afp

– Følgjer ikkje dei same reglane

Jonathan Schwartz, som jobbar i eit kunstlogistisk selskap i New York, er samd med Høyersten.

– Avgjerda om å hive nokon i fengsel fortel oss at Kina ikkje følgjer dei same reglane som dei andre store nasjonane som handterer kultur over grensene, seier han til New York Times.

Fine Art Solutions hevdar sjølv at dei ikkje har svindla nokon.

– Vi formidlar, lagrar og installerer kunst. Det er alt, seier direktør Torsten Hendricks til New York Times.

Kjøpesterk middelklasse

Kina er som nemnt den største kunstmarknaden i verda.

Stormakta i aust stod i fjor for 41 prosent av all auksjonsomsetjing i verda, og for omlag 30 prosent av omsetjinga på kunst- og antikvitetsmarknadane, ifølgje artprice.com og The European Fine Art Foundation.

– Dette følgjer eit mønster vi har sett dei siste ti åra. Når ein ser ein sterk økonomisk vekst, så blomstrar kunstmarknaden. Det har vore ei boble i Europa og USA, med finanskrise, og vi ser at interessa for kinesisk kunst difor aukar, seier Erlend Høyersten.

Det er ikkje berre internasjonale investorar som kjøper kinesisk kunst. Kinesiske investorar står bak mange av kunstkjøpa i Kina.

– Den kinesiske middelklassa er i vekst, og er svært kjøpesterk. Dei ønskjer å investere i kunst. Det er inga bombe at dette har blitt «big business» i Kina, seier Høyersten.

Det kinesiske utanriksdepartementet vil ikkje kommentere saka om dei to fengsla kunsthandlarane, skriv New York Times.

LES OGSÅ: