Hopp til innhold

Kina strammar inn bloggsensuren

Bloggen til det amerikanske konsulatet i Shanghai forsvann, etter kritiske innlegg. Kina strammar inn internettsensuren foran leiarskiftet i haust.

CHINA-MICROBLOGGING

Sina Weibo er den største mikrobloggtenesta i Kina. Slike tenester gjer det vanskelegare for Kommunistpartiet å kontrollere mediaverda.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Ein svært populær blogg skrive av det amerikanske konsulatet i Shanghai, kjent for sine frekke kommentarar om Kina, vart utilgjengeleg torsdag, melder AP.

Bloggen er knytt opp mot mikrobloggtenesta Sina Weibo, den mest populære i Kina. Ein talsmann for tenesta hevda at dette kunne vere ein teknisk feil, noko dei tidlegare har brukt som forklaring i høve der det eigentleg var snakk om sensur.

Det er berre nokre månader til Kommunistpartiet skal utpeike sine nye leiarar og med det blir mediakontrollen stramma inn, meiner ekspertar.

– Vil ikkje trasse Kommunistpartiet

Henning Kristoffersen

Kina-ekspert Henning Kristoffersen.

Foto: Universitetsforlaget

– Det er mange grunnar til at Kina vil straffe konsulatet ved å blokkere bloggen deira, seier Doug Young, ekspert på kinesisk media ved Fudan University i Shanghai, til AP, og viser til det viktige leiarskiftet.

Kina-ekspert og seniorrådgjevar i Det Norske Veritas, Henning Kristoffersen, har også vore tilknytt Fudanuniversitetet. Han synest ikkje det er overraskande om kinesiske myndigheiter har sensurert bloggen.

– Ein halv milliard kinesarar er på mikrobloggtenester. Det er kinesiske selskap som eig desse kommersielle selskapa. Dei har ingen ønske om å trasse reglane til Kommunistpartiet, seier Kristoffersen til NRK.no.

– Tida fram mot leiarskiftet er ei skjør tid. Mediasensur er ei av innstrammingane på ei liste av ting som blir gjort før ei så viktig hending. Det er ikkje usannsynleg at USA er i særfokus. Desse to landa følgjer kvarandre med argusauge.

– Eit rotterace

Bo Xilai og kona Gu Kailai

Gu Kalai og Bo Xilai skapte skandale i Kina tidlegare i år. Bo vart sparka som politisjef, medan kona Gu vart sikta for drapet på britiske Neil Heywood.

Foto: STRINGER/CHINA / Reuters

Kommunistpartiet har ikkje heilt klart å skjerme den skjøre tida før leiarskiftet. Bo Xilai-skandalen nådde ut til heile verda, der kona til mektige Bo Xilai vart sikta for å ha myrda briten Neil Heywood.

LES MEIR: Giftmord, svik og maktkamp

Bo hadde ein dobbel maktposisjon, som partileiar i Chongqing og medlem av Politibyrået. Det var nesten sikkert at han skulle bli utpeikt som medlem av ein mektig komité i Kommunistpartiet til hausten - fram til skandalen traff og han vart sparka.

– Leiarskiftet betyr mykje for Kina og for utlandet. No er det eit rotterace for å posisjonere seg som den neste leiaren. Heile denne prosessen ønskjer partiet å kontrollere så mykje som mogleg, seier Kristoffersen.

LES: Maktkamp blant toppene i Kina

Direktekanal til kinesisk offentlegheit

Mange amerikanske diplomatar har eigne Weibo-sider, medan ambassaden i Beijing og konsulata oppdaterer sine sider med kommentarar frå amerikanske myndigheiter, pressemeldingar og videoar.

– Ved å bruke plattformer som Sina Weibo kan diplomatane direkte samtale med den kinesiske offentlegheita utan å måtte gå gjennom statskanalane, seier David Bandurski, redaktør av den Hong Kong-baserte nettstaden China Media Project, til AP.

Dei amerikanske konsulata i Shanghai og Hong Kong har utmerka seg med sin bruk av trendy online kinesiske uttrykk for å ta opp heite politiske tema.

LES: «Teletubbie», «Tomat» og «Nudler»

Det har blitt vanskelegare for Kommunistpartiet å kontrollere mediaverda, etterkvart som mikrobloggtenestene har vakse fram.

– Dei prøvar med gamle verktøy i nye medium. Kontrolltanken slepp ikkje med det første. Ein kan ikkje samanlikne dette med trykte medier, der redaktøren har ei sensurliste ho må følgje. No kan ein filme noko og leggje det rett ut på nett. Det er det vanskeleg å sensurere, seier Henning Kristoffersen.

– Mikrobloggane har ført til ei ny verd for både Kina og partiet. Det gir ein annan måte å kommunisere direkte på som ambassadane ikkje har hatt før. Og heller ikkje partiet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kommunistpartiet

Kommunistpartiet i Kina vil unngå kaos foran leiarskiftet til hausten.

Foto: STR / Afp

Omtala sensitive tema

Bloggane til ambassaden i Beijing og konsulat i andre byar, som for eksempel Hong Kong, er framleis operative.

Det amerikanske konsulatet i Shanghai hadde over 80.000 følgjarar på bloggen før den vart utilgjengeleg. Den har omtala mange tema som dei kinesiske styresmaktene ser på som sensitive.

Blant anna at det var 23 år sidan studentprotestane på Tianamen Square i 1989, ei hending som i høgste grad er underlagt online sensur. Dei kommenterte at historia ikkje kunne bli diskutert den dagen. Dagen etterpå skreiv dei: «Gårsdagen er endeleg borte».

Ein talsmann for utanriksdepartementet, Liu Weimin, sa at han ikkje hadde noko informasjon om konsulatbloggen og at Kina styrer Internett i tråd med lover og reglar.

LES: «Liu Xiaobo», «1989», «gulrot» og «beste skuespiller» er fyord i Kina

Brukarar kan angi kvarandre

Sina Weibo har eit heilt team som passar på at nettstaden er fri for personangrep, porno og «ulovleg informasjon». Sistnemnte tyder tema som styresmaktene vil halde ute av offentlegheita.

Mikrobloggtenesta presenterte sine nye retningsliner onsdag, der dei hevda at dei heller ville fryse kontoar enn å slette dei, dersom nokon braut reglane.

Men det er framleis rom for å slette kontoar i dei nye retningslinene, skriv Wall Street Journal. Sina Weibo har også oppretta eit system der brukarar kan rapportere upassande innhald og angi kvarandre.

– Sensur er berre éi promille av det som skjer på mikrobloggane. Dei beveger ytringsfridomen, meiner Henning Kristoffersen.

– Den store trenden er at ytringsfridomen til kinesarar flest blir betre - det blir ytra meir på Internett enn nokon gong før i Kina. Det kommersielle drivet gjer at selskapa jobbar steinhardt for å bli brukarvenlege.

LES OGSÅ: Lavere økonomisk vekst i Kina

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober