Hopp til innhold

– Vi blir tvungne ut i streik for noko som burde ha vore sjølvsagt i 2021

I sju veker har fleire hundre unge kvinner streika for å få same pensjon som sine mannlege kollegaer. – Det er oppsiktsvekkande at det er ein naudsynt likestillingskamp i 2021, meiner fagforeiningsleiar Mari Røsjø.

Andrea Westbye (t.h) og Mari Røsjø.

FRAMLEIS KAMPKLARE: Mari Røsjø og Andrea Westby i Fagforbundet utanfor Nationaltheatret i Oslo sentrum.

Foto: Erlend Kinn / NRK

3. september gjekk tilsette i opera, teatersektoren og orkestera ut i streik. Kravet er eintydig: Lik pensjon for kvinner og menn.

Frå i dag er streiken trappa opp. No er nær 900 menn og kvinner frå kulturfeltet i konflikt for å få på plass ein varig, kollektiv pensjon som verkar likt for kvinner og menn.

Ifølgje Fagforbundet vil ei ung kvinne tape mykje på ordninga med innskotspensjon som arbeidsgjevar tilbyr.

– Eg streikar for ein kjønnsnøytral pensjon, slik at eg er sikker på at eg kan ha ein pensjon å leve av så lenge eg lever, seier Andrea Westbye.

Ho jobbar til vanleg på Den Norske Opera i Oslo. No har ho streika i over ein månad.

– Det er tungt å stå i arbeidskonflikt, men vi har ei god gruppe bak oss og mykje støtte, seier Westbye.

Partane i streiken er kalla inn til riksmeklaren komande onsdag, men det skal mykje til for at det blir tvungen lønsnemnd. Då må det vere fare for liv og helse.

Yrkesgrupper publikum sjeldan ser

Mari Røsjø er leiar i Fagforbundet Teater og Scene. Ho meiner det er eit løftebrot frå arbeidsgjevarane som no har ført dei ut i streik.

– I 2016 fekk vi eit løfte om at vi på sikt skulle få ein pensjon som varar livet ut og som verkar likt for kvinner og menn. Det er dette løftet vi no krev innfridd.

Det er ikkje dei som er på scenene som streikar denne gongen. I staden er det andre yrkesgrupper som kostyme og andre yrkesgrupper publikum sjeldan ser.

– Det er djupt tragisk at vi står i denne situasjonen. No har samfunnet opna opp, men direktørane vel å stå utanfor i staden for å tilby folket juleframsyningar. Vi blir tvungne ut i streik for noko som burde ha vore sjølvsagt i 2021, at kvinner og menn skal ha lik pensjon, seier Røsjø.

toppsjef i arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, Anne-Kari Bratten.

MØTER MEKLAREN: Administrerande direktør i arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, Anne-Kari Bratten.

Foto: Thorvald Aschim / NRK

Spekter: – Vil strekke oss langt

Men konsekvensane for ulike konsertar og framsyningar er no så store, at arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter seier dei er villig til å gå langt for å få ein slutt på streiken.

Særleg fryktar dei for kva som vil skje med alle juleframsyningane og julekonsertane som er planlagt rundt om i landet på dei streikeråka teatera og konsertsalane.

Lise Olsen, nestleder LO Stat.

STREIKELEIAR: Lise Olsen er nestleiar i LO Stat og forsikrar om at streikeviljen er god på sjuande veka.

Foto: Thorvald Aschim / NRK

– Vi er villig til å strekke oss langt no for å få slutt på denne streiken. Publikum fortener å få kome tilbake, seier toppsjef i arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, Anne-Kari Bratten.

– Korleis vil du samanlikne denne streiken med andre streikar?

– Den har først og fremst skilt seg ut ved at det er ein av dei lengste streikane dette tiåret. Når streiken har vart så lenge, er det viktig at både arbeidsgjevarsida og LO ser på posisjonane sine og fire på dei slik at streiken kan avsluttast.

Lise Olsen er nestleiar i LO Stat og forhandlingsleiar for dei streikande. Ho vil ikkje love at dei vil fire på krava når dei møtes onsdag.

– Å få til ei rettferdig pensjonsordning kostar arbeidsgjevarane i underkant av éin prosent. Vi forventar at dei bevegar seg ein millimeter i vår retning, seier Olsen.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.