Usemje om pensjon har ført til at tilsette innan opera, teater og orkester i fleire byar er tatt ut i streik.
Frå i dag streikar totalt 435 personar.
- På Den Nationale Scene er 48 personar tatt ut i streik. Her er alle førestillingar avlyst.
- I Bergen Filharmoniske Orkester er 114 personar tatt ut i streik. Dei har måtta avlyst fleire konsertar.
- På Den Norske Opera Ballett er 98 personar tatt ut i streik og står i fare for å måtta avlysa alle planlagde førestillingar denne veka.
- På Det Norske Teatret er 52 personar tatt ut i streik.
- På Nationaltheateret er 34 personar tatt ut i streik.
- På Rogaland Teater er 31 tatt ut i streik.
- På Kilden Teater og Konserthus og i Kilden Kristiansand Symfoniorkester er totalt 43 personar tatt ut i streik. Det kan få konsekvensar for storsatsinga Amadeus som har premiere 17. september.
- På Trøndelag Teater er 15 personar tatt ut i streik. Dei må utsetta urpremieren på Allis son 10. september.
Stor usemje
Streiken starta sist veke etter at det vart brot i forhandlingane mellom LO Stat, som representerer fagforeiningane Fagforbundet, Creo og NTL, og Spekter.
LO Stat skriv i ei pressemelding at toppleiarane i kultursektoren ikkje har vist noko vilje til å halda løfta om kjønnsnøytrale og livsvarige pensjonsordningar.
– Arbeidsgivarane står bom fast på at me skal godta ei pensjonsordning kor kvinner og menn får ulik pensjonsutbetaling, i ein sektor der om lag halvparten av dei tilsette er kvinner, skriv LO Stat i ei pressemelding.
RETTFERDIG PENSJON: Streikeleiar på DNS, Rune Kjelby seier dei streikar for ein rettferdig pensjon og at dei vil streika til dei får det dei er lova.
Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK– Me er tvungne til å streika
– Me streikar for å få ein rettferdig pensjon. Me står her til me får det me er lova, seier streikeleiar og hovudtillitsvald ved Den Nationale Scene i Bergen, Rune Kjelby.
Han seier det er synd at streiken kjem no når mange har gleda seg over å endeleg kunne nytta kulturtilboda igjen.
– Me blir tvungne til å streika. Det er ikkje noko me ynskjer å gjera, men me må det når arbeidsgivarane driv med løftebrot, hevdar Kjelby.
Han seier dei opplever at forbipasserande og kulturglade menneske har forståing for at dei nyttar streikeretten.
– Me har ei mellombels ordning som i praksis er kvinnediskriminerande. Alle som kjem forbi undrar seg over kvifor me på streika for dette i 2021. For likestillinga er komen lengre enn dette, seier Kjelby.
AVLYSER ALT: Den Nationale Scene i Bergen er hardt råka.
Foto: Sjur Mikal Dolve / NRKTar avstand frå påstandane
Spekter har tidlegare avvist påstanden om at dei har drive med løftebrot.
– Spekter tar sterk avstand frå påstanden om avtalebrot. Faktumet er at då me vart einige i 2016, var det diskusjon rundt lovgivinga til pensjon. Då lovde me at om det vart endringar i den, så skulle me også vera opne for å sjå behovet for endringar. Desse endringane har ikkje kome, og situasjonen har difor ikkje endra seg, sa kommunikasjonsdirektør Gunnar Larsen i Spekter til NRK førre veke.
Fleire teater og orkester beklagar at publikum er råka av streiken.
Trøndelag Teater skriv i ei pressemelding at publikum som blir råka av endringane blir kontakta.
– Me beklagar for følgene dette får for vårt publikum, og vil orientera om tidspunkt for dei utsette premierane så fort det er klart, skriv teateret i ei pressemelding tysdag.
– Alle som har kjøpt billettar vil få pengane sine umiddelbart refundert, seier Harald Furre, administrerande direktør ved Kilden Teater og Konserthus i Kristiansand.
Storsatsinga Amadeus har premiere 17. september. Ifølge Furre er det er faren er størst for at teateret får utfordringar.
– Foreløpig satsar me på at streiken er løyst innan neste veke og at me får gjennomført Amadeus som planlagt, seier han til NRK.
Operaen i Oslo skriv på sine Facebook sider at dei må avlysa alle førestillingar denne veka om ikkje streiken blir avblåst. Kjøpte billettar vil eventuelt bli refunderte.
TRIST: Ekteparet Skurtveit synest det er trist at dei går glipp av konsertar og teaterførestillingar.
Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK– Trist
Ekteparet Nina og Eirik Skurtveit synst det er trist at førestillingane blir avlyste. Dei har både teaterkort og billettar til fleire konsertar med Bergen Filharmoniske Orkester.
– Me hadde gleda oss, seier Eirik Skurtveit.
No vert den etterlengta kulturopplevinga avlyst. Ekteparet trur mange er sveltefôra på førestillingar og arrangement etter halvanna år med pandemirestriksjonar.
– Eg forstår at dei må streika, men det er jo noko med tidspunktet og situasjonen. For no har me venta lenge på grunn av covid-19, og no må me venta endå lenger, seier Nina Skurtveit.
Teatersjef på DNS, Stefan Larsson, seier i ei pressemelding at han beklagar på det sterkaste at publikum blir råka av streiken.
– Streiken fører til at me må omdisponera ressursane på best mogeleg måte. Me kjem til å forsøka å ferdigstilla oppsettingar så me har noko å visa publikum etter streiken, seier Larsson i pressemeldinga.