Hopp til innhold

Meiner streiken på fleire vis er verre for kulturlivet enn pandemien

Nesten 900 kulturarbeidar vil vere i streik frå måndag av.

Eivind Gullberg Jensen

ALVORLEG: Eivind Gullberg Jensen, operasjef ved Bergen nasjonale Opera, meiner streiken fører til polarisering i kulturlivet og at det er svært alvorleg.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Rundt om i landet merkar fleire kulturinstitusjonar streiken på si daglege drift.

På måndag vil 80 tilsette ved Nationaltheatret i Oslo gå ut i streik, varslar LO Stat. 891 tilsette i kultursektoren i Noreg vil då vere i streik.

Striden handlar om kva pensjonsordning de kulturtilsette skal ha i framtida. Kulturarbeidarane meiner pensjonsordninga i sektoren slår ut urettferdig for kvinner, samanlikna med menn.

Vil ramme førestillingar på lengre sikt

Kommunikasjonssjef Ida Halvorsen i Ved Nationaltheateret trur streiken vil påverke oppsetjingar hos dei i lang tid framover.

– Det vil ramme i all hovudsak alle førestillingar som vi skal spele framover. Det vil også ramme prøveverksemda vår, og det kan også ramme framtidige førestillingar sidan dei er i prøve og skal tilverkast med kostyme og scenografi også vidare, seier ho.

I Bergen er operaproduksjonen Rusalka som har premiere ved Bergen nasjonale Opera 23. oktober ei av førestillingane som kan ryke på grunn av streiken.

Det er fordi fleire tilsette i Bergen Filharmoniske Orkester som skal spele i oppsetjinga er tatt ut i streik.

– Når ein ser at resten av verda startar produksjon med fulle salar er det utruleg trist å sjå at vi må kansellere den eine store produksjonen etter den andre, seier operasjef Eivind Gullberg Jensen om streiken.

Meiner streiken fører til polarisering

Gullberg Jensen meiner streiken fører til meir konflikt i kulturlivet.

– Under pandemien var heile kulturlivet samla og maktesløyse, men no ser vi at det er eit kulturliv som langsamt blir meir og meir polarisert, seier operasjefen.

– Det er ein alvorleg situasjon, på mange måtar er den meir alvorleg enn pandemien, understrekar han.

Gullberg Jensen meiner streiken går ut over forholdet mellom dei tilsette.

– På den eine sida har du dei som har faste jobbar og inntekt i institusjonane, som på ein måte blir sat opp mot dei som er i det frie kunstfeltet, frilansarar og andre, seier han.

– Nedlatande haldning

Utanfor Trøndelag Teater møtte NRK rekvisitør og streikevakt Espen Høyem.

Han seier dei er førebudde på å streike lenge for å få gjennom pensjonskravet sitt.

– Eg har mest lyst å vere på jobb og lage noko fint til publikum, men det skjer den dagen Spekter kastar korta og kjem på banen, seier Høyem.

Om det arbeidsgjevarsida har sagt under streiken, seier han:

– Det er jo ei nedlatande haldning om at dei veit best kva vi har lyst på.

Espen Høyem.

STÅR PÅ PENSJONSKRAVET: Rekvisistør og streikevakt ved Trøndelag Teater, Espen Høyem.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Fastlåst situasjon

Spekter ville ikkje stille til intervju med NRK i denne saka. Men skriv følgjande i ein SMS.

«Arbeidsgjevarane er villige til å strekke seg langt for å kome dei streikande i møte og avslutte streiken, men då må begge partar fire på sine posisjonar».

LO Stat representerer fagforeiningane Fagforbundet, Creo og NTL.

Forhandlingsleiar i LO stat, Lise Olsen seier dei har strekt seg så langt som mogleg for å imøtegå arbeidsgjevar sine behov.

– I fem år har vi akseptert ei mellombels ordning i den tru at arbeidsgjevar ville innfri det vi avtalte i 2016. Det har dei ikkje vist vilje til, seier ho.

Spekter har tidlegare avvist påstanden om at dei har drive med løftebrot.