Hopp til innhold

Bob Dylan på strøymetoppen

Katalogen til Bob Dylan fekk ein skikkelig oppsving på strøymetenestane etter at han blei tildelt Nobelprisen i litteratur. På Spotify auka strøyminga med over 500 prosent etter kunngjeringa.

NOBEL-PRIZE/LITERATURE

Musikken til Bob Dylan har blitt hyppig etter at Nobelkomiteen kunngjorde at han hadde blitt tildelt litteraturprisen.

Foto: KI PRICE / Reuters

Tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Bob Dylan skapte reaksjonar verda over. Alt frå president Obama til norske og utanlandske artistar stilte seg i køen av gratulantar. Og publikum har også flokka til strøymetenestene for å høyre på den omfattande katalogen til artisten.

Ifølge statistikk frå Spotify auka straumen av Dylan-låtar med 512 prosent globalt etter at prisvinnaren blei annonsert torsdag. Sangen flest er interessert i er «Like a Rolling Stone», som auka med 258 prosent på eit døgn.

Dei mest spelte Dylan-låtane på Spotify

«Like a Rolling Stone»

«The Times They Are A-Changing»

«Hurricane»

«Knockin' On Heaven's Door»

«Girl from the North Country»

«Lay, Lady, Lay»

«Mr. Tambourine Man»

«Blowin' In the Wind»

«Tangled up in Blue»

Kulturstrøm

  • Overraskende tronskifte på gang i Luxembourg

    Storhertug Henri av Luxembourg (69) erklærte overraskende søndag at vil overlate makten til sin sønn Guillaume. Selv har han sittet på tronen i 24 år.

    Henri av Luxembourg er det sjette overhodet av dynastiet Nassau-Weilburg. Han arvet tronen i 2000, da faren abdiserte. Søndag erklærte han at han vil overlate makten til den 42 år gamle sønnen i oktober. (NTB)

    Henri Luxembourg
    Foto: Aris Messinis / AFP
  • Best akkurat nå

    – Frå «alt går bra» til «Alt du sa»: Den nyaste låta handlar om å klamre seg fast i fortida og den framtida ein trudde ein skulle ha med ein person. Det er ikkje til å ta feil av, for den startar med linja: «Kvar kveld skrive eg nummeret ditt på skjermen, for eg late som vi holde kontakt», skriver journalist Maria Wilberg om gruppa Vettche sin låt.