Hopp til innhold

Solberg: – Faten fortener ikkje hetsen

Statsminister Erna Solberg reagerer på enkelte av reaksjonane på at Faten Mahdi Al-Hussaini bruker hijab i eit valprogram på NRK.

Faten og Solberg

Statsminister Erna Solberg seier ho blir lei seg når ho ser kritikken som kjem mot Faten Mahdi Al-Hussaini i sosiale medium. Her er dei to saman utanfor Stortinget i samband med ein demonstrasjon mot IS og Profetens Ummah i 2014.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Torsdag 31. august har valserien «Faten tar valget» premiere. Men programserien har allereie fått mykje merksemd, og det har kome inn rekordmange klager til Kringkastingsrådet fordi programleiaren bruker hijab. Og i sosiale medium og kommentarfelt har det kokt over med nedsetjande ordbruk.

Tysdag gjekk integreringsminister Sylvi Listhaug ut og tok avstand frå det ho meinte var trakassering av ei ung jente, og oppmoda folk til å vise folkeskikk. Og i dag følger statsminister Erna Solberg opp.

– Ei tydleg stemme

Faten Mahdi Al-Hussaini er 22 år. Hun skal lede "Faten tar valget".

Faten Mahdi Al-Hussaini skal finne ut kva parti ho skal stemme på i programserien «Faten tar valget».

Foto: Chrisitan Breidlid / NRK

Solberg seier til NRK at regjeringa har samarbeidd med Faten Mahdi Al-Hussaini for å motverke at fleire blir rekruttert til ekstremisme.

– Faten er ei ung jente som har stått tydleg opp mot ekstremisme. Vi jobbar tett med henne for å hindre at fleire blir rekruttert til ekstreme organisasjonar og blir framandkrigarar. Dette er eit viktig arbeid, og Faten fortener ikkje denne typen hets.

Ho seier ho blir trist når ho les enkelte av dei kommentarane som har kome i debatten på sosiale medium.

– Vi kan godt diskutere islam og ekstremisme, men å til dømes knytte hijab til IS og andre ekstreme organisasjonar, blir heilt feil.

Må vise respekt

Solberg meiner de er viktig at vi respekterer dei som vel å bruke religiøse hovudplagg. I tillegg til at det er knytt ein identitet til slike plagg, er det å bruke det også ei politisk og religiøs ytring.

– Vi må lære oss å leve med at dei som brukar hovudplagg gjer det fordi dei er stolte av religionen sin og kvar dei høyrer til. Og så lenge slik bruk er eit fritt val, og at dei som bruker det respekterer dei som ikkje bruker slike plagg, så er ikkje dette eit problem, seier ho.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters