Hopp til innhold

«Skam»-Iman: – Skulle tru folk var vant til å sjå hijab på TV no

Iman Meskini, som spelte Sana i TV-serien «Skam», synest det er synd at det har kome fleire tusen reaksjonar på at Faten Ahmad Al-Hussaini får bruke hijab når ho er NRK-programleiar.

SKAM - AVSLUTNINGSFEST

Iman Meskini, som spelte Sana i dramaserien «Skam», synest det er synd at folk framleis reagerer på at nokon brukar hijab på TV.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

På veg inn til offentleggjeringa av dei nominerte til Nordisk Råds filmpris i Haugesund i kveld, blei Iman Meskini spurt om kva ho synest om alle klagene som har kome mot at Faten Ahmad Al-Hussaini bruker hijab når ho leiar NRK-satsinga «Faten tar valget».

Kringkastingsrådet har til no fått inn rundt 4500 klager på programmet, som enno ikkje er sendt.

Meskini blei kjent som den hijabkledde, muslimske jenta Sana i «Skam», og tenestegjer for tida i luftforsvaret på Madla utanfor Stavanger. Der bruker ho også hijab til uniforma.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fordi ho har avgrensa tilgang til mobiltelefon i militæret, seier ho at ho ikkje har sett seg inn i saka, men at ho på generell basis synest det er synd at det har kome reaksjonar.

– Det er leit dersom det er mange som reagerer på dette. Ein skulle tru at folk hadde blitt vant med å sjå folk med hijab no.

Heftig debattert

Øyvind Vasaasen

Avdelingsdirektør for medieutspilling og beredskap i NRK, Øyvind Vasaasen, seier alvorlege trugsmål blir meldt til politiet.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Programmet «Faten tar valget» har vore heftig debattert i kommentarfelt og på sosiale medium, og mange har reagert på språkbruken i diskusjonane.

Tysdag gjekk integringsminister Sylvi Listhaug ut og sa at trakassering av unge jenter, uansett om dei ber hijab eller ikkje, er uakseptabelt.

Alvorlege trugsmål vil også kunne få konsekvensar for dei som kjem med det.

– Alvorlege trugsmål mot NRK eller tilsette i NRK, blir meldt til politiet, seier avdelingsdirektør for medieutspilling og beredskap i NRK, Øyvind Vasaasen.

Han vil ikkje seie noko om kva tiltak som blir sett i gang dersom det kjem slike trugsmål.

Kulturstrøm

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB