Hopp til innhold

Slik ser bøssa ut

Sjå etter ei plombert bøsse og ID-skilt når bøsseberarane for årets TV-aksjon bankar på døra i dag.

Årets bøsse for TV-aksjonen 2021. SPERREFRIST TIL SØNDAG 24.10.21 kl. 13

BØSSA: Årets bøsse skal vere plombert, og klistrelappen skal vere kvit med Plan-logo på.

Foto: PLAN NORGE

Bøssa er alltid grå, men klistrelappen varierer frå år til år. I år er den kvit med Plan-logo og teksten «Barn, ikkje brud», fortel Christina Johnsen, inntektsleiar for TV-aksjonen NRK.

Søndag ettermiddag brakar det laus. Da går frivillige i heile Noreg med bøsse for å samle inn pengar til årets TV-aksjon. I år går inntektene til Plans arbeid for å bekjempe barneekteskap.

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort.

Mangler ni av ti bøssebærere

BARN, IKKJE BRUD: Årets TV-aksjon går til å bekjempe barneekteskap i Malawi, Niger, Mali, Nepal og Bangladesh.

Under aksjonsnamnet «Barn, ikkje brud» ønsker Plan å nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap.

Du kan lese meir om kva pengane skal gå til her og korleis du kan gi her.

– Ikkje gi til bøsseberarar utan klistremerke

Vidare understrekar Johnsen at bøssa skal vere plombert. Andre tydelege teikn er at alle bøsseberarane skal ha eit ID-nummer klistra på yttertøyet. Det skal vere det same ID-nummeret som på bøssa.

Dersom det kjem ein bøsseberar utan klistremerke på kleda, eller med ei bøsse som ikkje er plombert, bør du ikkje gi pengar, seier Johnsen.

I fjor vart TV-aksjonen heildigital, men i år kan endeleg bøsseberarane gå frå dør til dør i nabolaget.

Christina Johnsen, Inntektsleder for TV-aksjonen NRK Plan 2021. Her med årets bøsse. SPERREFRIST SØNDAG 24.10.21 KL. 13

FRÅ DØR TIL DØR: Christina Johnsen, inntektsleiar for TV-aksjonen NRK, oppmodar folk til å ta godt imot bøsseberarane.

Foto: Ada Lea / PLAN NORGE

Johnsen oppmodar alle til å ta godt imot bøsseberarane som bankar på døra i dag.

– Det blir det vakraste eventyret i haust, og allereie no er det stor givarglede rundt i landet, seier Johnsen.

Kryptovaluta for fyrste gong

Det har allereie blitt samla inn 45 millionar kroner. Storinnrykket kjem med givarglade privatpersonar.

I år kan du betale med kontantar, Vipps, på tekstmelding, på telefon og på bankkonto.

Du kan også kan betale med gamle setlar og myntar.

– I tillegg tar TV-aksjonen for aller fyrste gong imot kryptovaluta, fortel Johnsen.

Det er verdt å understreke at TV-aksjonen i år ikkje tar imot utanlandske pengar. Men du kan gi bidrag frå utlandet til TV-aksjonens kontonummer.

Les også:

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.