Hopp til innhold

Treng fleire bøsseberarar

Årets TV-aksjon er rett rundt hjørnet, men over alt i landet trengst det fleire bøsseberarar.

Christian Strand, Anne Rimmen og Robert Stoltenberg.

Christian Strand, Anne Rimmen og Robert Stoltenberg er programleiarar for årets TV-aksjon. Årets aksjon samlar inn pengar til arbeid mot barneekteskap.

Foto: BENJAMIN A. WARD / BENJAMIN A. WARD

I fjor vart TV-aksjonen heildigital, men i år kan endeleg bøsseberarane gå frå dør til dør i nabolaget igjen. Men det trengst fleire bøsseberarar til søndag 24. oktober. Sjølv om det stadig kjem fleire til, manglar det bøsseberarar over heile landet, spesielt i storbyane.

– Hjartet i TV-aksjonen er bøsseberarane. Når vi går frå dør til dør over heile landet og bankar på 2,4 millionar dører, legg vi til rette for at alle kan delta. Bøsseberarane er viktige for å spreie kunnskap og for å engasjere breitt. Vi veit også at mange ventar på eit besøk frå bøsseberarane på sjølve dagen. Derfor er vi ekstra glade for at vi kan møtast ansikt til ansikt og endeleg gå som bøsseberar igjen, seier aksjonsleiar Vibecke Østby. 

Slik fungerer det

Ofte går folk med bøsse i nabolaget sitt. Turen med bøsse tek maks to timar, som oftast mykje kortare. Du kan både gi kontantar, vippse til bøsseberaren eller betale via QR-kode som står på bøssa. Alle som får besøk, får også lære meir om kva årets TV-aksjon går til.

Du kan registrere deg som bøsseberer på blimed.no.

Dette går pengane til

TV-aksjonen i år går til Plans arbeid for å bekjempe barneekteskap. Under aksjonsnamnet «Barn, ikkje brud» ønsker Plan å nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap.

Barneekteskap bremsar utvikling og opprettheld fattigdom. Med inntektene frå årets TV-aksjon skal Plan styrke, beskytte og utdanne jenter for å unngå at dei blir gift som barn. Prosjekta vil vere i dei landa der barneekteskap er mest utbreitt: I Bangladesh, Nepal, Niger, Malawi og Mali. Les meir om korleis pengane skal brukast