Hopp til innhold

Silje Nordnes er framleis flau etter Maskorama-tabbe

Ho er ein av Noregs mest rutinerte programleiarar, og gjer sjeldan feil. Men i Maskorama i fjor skjedde det noko ho nesten ikkje tør å snakke om.

Silje Nordnes - Mellom Oss

KONTROLLBEHOV: Silje Nordnes seier sjølv at ho har eit stort kontrollbehov.

Foto: Astrid Waller / Astrid Waller

For andre år på rad er Silje Nordnes programleiar for Maskorama, Noregs sprøaste gjetteleik.

Det norske folk er ville etter å finne ut kva kjendisar som skjuler seg bak maskene.

Få med deg dei nyaste hinta, og tips til korleis du kan løyse mysteriet i Maskorama-podkasten her.

Vi har tatt ein prat med opplevingane til Silje Nordnes i Maskorama så langt.

Silje Nordnes under premieren på Maskorama 061121

PREMIEREKLAR: Silje Nordnes under premieren på sesong to av Maskorama.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Kva har overraska deg mest i arbeidet med Maskorama?

– Eg har eit ganske stort kontrollbehov, og eg er ikkje særleg glad i overraskingar. Eg likar at det er føreseieleg, og at eg veit kva eg skal, seier Silje Nordnes.

– Det har gått overraskande bra med tanke på at eg veit så lite som eg gjer, fortel Silje Nordnes og humrar.

Kvifor sa du ja viss du likar å ha kontroll på kva som skjer?

– Det var forlokkande å bli med, fortel 36-åringen.

– Eg er glad i det som er maksimalistisk, og det er det absolutt her. Det er show, galskap, herlege kostyme og det blir ikkje spart verken på lyd eller ljos.

Kva rutinar har du før sendinga?

– Eg drar tidleg heimanfrå, og eg høyrer alltid på «Laurdagsrådet». Det er ein trygg venn å ha. Det einaste eg kan ha kontroll over er det eg skal gjere under sendinga, og eg puggar derfor manuset mitt.

Silje Nordnes Maskorama

GODT FØREBUDD: Silje Nordnes førebur seg godt før sending. – Det staggar nervane, seier ho.

Foto: Julia Marie Naglestad

Blir du nokon gong nervøs før sending?

– Eg kan bli veldig nervøs, og det jobbar eg aktivt med å handtere, slik at det ikkje kostar meir enn det smakar. Så eg puggar manus slik at eg er så godt førebudd som mogleg, og eg lar vere å tenke på alt som kan gå gale.

– Også Kåre Magnus Bergh har fortalt meg at han var nervøs i starten av «Stjernekamp», så eg har eit håp om at det går over for meg også.

Kor mykje veit du om årets deltakarar?

– Eg veit absolutt ingenting om kven dei er. Eg har absolutt prøvd meg, og eg har stilt spørsmål på ein diskré måte til dei som veit, men dei er gode på å halde ting skjult.

Draken i Maskorama 061121

DRAKEN: Den ser skummel ut, men er forsiktig, sa draken under fyrste Maskorama-sending.

Snømonsteret under Maskorama 061121

SNØMONSTERET: Han er lidenskapeleg oppteken av det han driv med, men det har ikkje vore gratis, sa Snømonsteret sist laurdag.

Nøkken under Maskorama 061121

NØKKEN: Nøkken kunne fortelje at den er kjærleikssjuk og har budd for lenge aleine.

Heldiggrisen Maskorama 061121

HELDIGGRISEN: – Vi grisar har høyrd at vi ikkje eig skam, men vi eig mykje anna, fortalde Heldiggrisen under premieren.

Nissen under Maskorama 061121

NISSEN: Ifølgje Nissen er han den kulaste nissen av dei alle, men slik har det ikkje alltid vore.

Bamsen under Maskorama 061121

BAMSEN: Under premieren framheva bamsen at han tidleg skjønte at den ikkje ville vere som alle dei andre leikane.

Havfrua under Maskoramasending 061121

HAVFRUA: – Eg har inga frykt for å gå i djupna, men har stor frykt for å leve eit liv på overflata, sa Havfrua i fyrste sending.

Korleis fungerer det backstage når alt skal vere hemmeleg?

– Når vi ikkje er i studio eller på prøver så sit eg og deltakarane på kvart vårt hotellrom. Vi har ikkje lov til å gå ut av rommet utan å be om lov. Deretter har eg min eigen assistent som følgjer meg til sminke, og så til hår.

Jan Thomas, Marion Ravn og Nicolay Ramm frå Maskoramasending.

DETEKTIVAR: Jan Thomas, Marion Ravn og Nicolay Ramm skal i år som i fjor prøve å finne ut av kven som deltar.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Eg og detektivane blir også følgt av assistentar når vi skal ned til studio, og då er det opplegg med walkietalkie slik at dei får klarert at det er klar bane og at vi ikkje kjem til å møte på deltakarane.

Kva er det mest absurde du har opplevd så langt?

– Å stå der fyrste på sendinga å sjå desse figurane ... Det er heilt vilt. Det er så mykje at det er vanskeleg å trekke ut ein ting, fortel Nordnes og ler.

Trollet i Maskorama

TROLLET: Trollet var gjenstand for ville spekulasjonar i fjor. Det viste seg å vere Ulrikke Brandstorp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Kven var du mest sjokkert over var med i fjor?

– Eg vart ekstremt overraska då puddelen viste seg å vere Mia Gundersen. Det at ho snakka med nordnorsk dialekt sette meg heilt ut. Nå veit vi at vi ikkje kan stole på dialektane til folk.

Puddel maskorama

OVERRASKA: Mia Gundersen overraska stort då ho deltok med falsk nordnorsk dialekt.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Var det nokon av deltakarane du skjønte kven var fjor?

– Eg fekk ei aning på Elgen med ein gong, eller rettare sagt i episode to. Eg kjente igjen kroppsspråket. Eg skjønte det altså på måten han gjekk og dansa på. Men ein kan ikkje vere sikker før maska er av. Og vi som jobbar der får ikkje lov til å diskutere med kvarandre kven vi trur det er.

Elgen og Silje Nordnes

ELGEN BAILEY: Det viste seg å vere Markus Bailey som var Elgen i fjor.

Kor djupt går du inn for å finne ut kven som er med?

– I fjor gjekk eg ikkje så hardt inn i det. Grunnen for det var at eg var redd for å seie noko som kunne kome feil ut. Men i helga såg eg sendinga på nytt heime, og då er det jo umogleg å ikkje gå inn i alle hinta, seier Nordnes og ler.

– Men eg vil ikkje seie noko om kven eg trur er med, understrekar ho.

Din største flause i Maskorama-samanheng?

– Det veit eg nesten ikkje om eg torer å seie, opnar Nordnes med, før ho lar seg overtale:

– Det var under premieren i fjor da eg forveksla Karpe og Madcon. Det var så flaut fordi eg veit veldig tydeleg skilnaden på dei. Eg har vore på konsert med dei, og eg veit veldig godt forskjell på Tshawe og Chirag. Eg fekk rett og slett jernteppe, seier Nordnes og humrar.

Her er årets karakterar

FREDRIK ARFF

Sjå Maskorama på NRK 1 eller NRK TV laurdag kl. 19.50.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters