Her er årets karakterar!
Nissen er ein luring på rundt 600 år. Den høyrer til slekta fjøsnissar, som betyr at den kan vere litt uforutsigbar og rampete. Nissen har mykje energi og evna til å pøse den ut.
Havfrua er lang og grasiøs. Den er ikkje så vand med å vere på land, men har funne ein måte å løyse det på. Og etter ei stund på land, kven veit om den forandrar seg litt viss anledninga byr seg.
Bamsen har ikkje alltid vore fyrstevalet blant leikane i leikekassa, og kjenner nok litt på det. Men den elskar å gi trøst og oppmuntring! Bamsen skryter ikkje og har ikkje den mest prangande utsjånaden. Men kanskje bur det meir i bamsen enn det som synest ved fyrste blikk.
Trass i at Draken er litt skummel utanpå er det ein forsiktig drake. Men om ikkje det er for mange i nærleiken, eller det er folk den stolar på – så «gønnar» den på og viser fram alt den har.
Frosken er ein ekte pønker med tydelege meiningar, og den toler å stå i stormen. Samtidig er den veldig hjartevarm og bryr seg om dei rundt seg. Frosken kan kanskje tenke seg å bli ein prins.
Glad, til tider veldig glad og med ein ekstrovert energi. Skapar alltid god stemning. Ingen diskresjon her i garden!
Nøkken har vi lokka ut fra skogar og vatn, og det var ikkje lett. Den er kjærleiksjuk på grensa til sprø, for den har budd aleine litt vel lenge. Nøkken er vakker, berre kanskje ikkje på den klassiske måten.
Avskyeleg? Absolutt ikkje! Snømonsteret er ein sjarmør og ein rausing, som gjerne byr på ein kopp iskaffi om ein skulle ta turen inn i hola. Kanskje verdas snillaste monster.