Hopp til innhold

Sex, rock og ein veldig kort taxitur

Jon Fosse ville helst spele gitar og køyre lastebil, og då han først begynte å skrive fekk han avslag frå forlaga. Her er ti fakta å ta med inn i nobelhelga.

Omslag av boka «Auge i vind» av Jon Fosse og forfatteren selv.

Jon Fosse slik han såg ut tidleg på åttitalet. 40 år seinare er barten er borte, men blikket er like blått.

Foto: Bjørn Sigurdsøn

Når Jon Fosse får nobelprisen i helga, verkar det sjølvsagt at han er forfattar. Men livet kunne tatt heilt andre vendingar for guten med det lengste håret i Strandebarm.

Trailersjåfør eller rockegitarist

Som liten gut ville han bli trailersjåfør.

Seinare ville han bli rockegitarist.

Han spelte i band i mange år, og bandet heitte først Coopex, sidan dei øvde i andre etasje av huset der Coop-butikken låg.

Bandet som Jon Fosse spelte i, Coopex. Fosse i rosa t-skjorte. Seinare skifta bandet namn til Rocking Chair og turnerte i Mundheim, Hatlestrand, Ølve og Fusa.

Bandet som Jon Fosse spelte i heitte Coopex. Fosse er gitaristen i rosa t-skjorte. Seinare skifta bandet namn til Rocking Chair og turnerte i Mundheim, Hatlestrand, Ølve og Fusa.

Foto: Britt Randi Hjartnes / Privat

Seinare bytte dei namn til Rocking Chair. Jon Olav, som han då vart kalla, vart eit kjend syn i bygda der han trødde rundt på damesykkelen med vind i håret og gitar på ryggen.

Fosse måla også bilete, heilt frå han var gut. I 1989, etter at han hadde debutert som forfattar, sende han eit bilete til Haustutstillinga, men vart refusert.

Ein av grunnane til at han blei forfattar, var at han på den måten kunne sleppe å ha med andre menneske å gjere i det daglege.

Fekk avslag

I starten gjekk det ikkje berre bra med tekstane til Fosse.

Han sende to manuskript - ei diktsamling og ein roman - til Fonna forlag i 1981. I tilbakemeldinga står det at dei såg ein kime av talent, men at stilen var «forferdeleg trøyttande». Dei konkluderer: «Oppattaking kan vere eit effektfullt stilgrep når det blir brukt med måte, men det vere måte på». Debutboka «Raudt, svart» kom til slutt ut på Samlaget.

Då det vart kjend at Fosse fekk nobelprisen 2023 la Fonna forlag ut dette på Instagram-profilen sin: «Ok. Me tok feil. Til lukke!»

Instagrampost fra Fonna forlag, et bilde av et avvisningsbrev til Jon Fosse, med overskriften Ok. Me tok feil. Til lukke!

Fonna forlag skulle kanskje ønskt at dei hadde sagt ja til den kommande nobelprisvinnaren, men synes å ta det med humor.

Foto: Fonna forlag

Språket og musikken

Det er nesten ingen vanskelege ord eller formuleringar i bøkene til Jon Fosse.

I den siste gigantromanen, «Septologien», vert eg-personen endåtil litt irritert over to vener som likar å bruke uvanlege ord.

Om ein mislikar oppattaking, kan ein derimot få eit problem som Fosse-lesar (jamfør førre punkt). Måten å ta opp att ei setning på, med ein liten variasjon, har fått somme til å samanlikne Fosse med ein folkemusikar.

Mange har skrive musikk til Fosse sine tekstar - frå Sandra Kolstad til Georg Friedrich Haas.

Melancholia

Scene frå operaen Melancholia på Den Norske Opera i 2008, der musikken var skriven av austerrikske Georg Friedrich Haas. Rolla som Hertervig (i kvitt) vart sunge av Otto Katzameier.

Foto: Erik Berg/Den Norske Opera

Skreiv same manus to gongar

Den første romanen Fosse skreiv på datamaskin, var «Naustet», som kom ut i 1989. Han var så skeptisk til det nye hjelpemiddelet at han skreiv heile manuset om att på skrivemaskin.

Seinare forsvann teknologiskepsisen og Fosse vart ein stor Mac-entusiast.

Lagar raspeballar

Det dukkar opp mykje norsk tradisjonskost i bøkene til Jon Fosse: Karbonadar med lauk. Steikt flesk og speilegg. Lutefisk. Raspeballar.

Det siste er visstnok yndlingsretten hans, då servert med røykt kjøt, gulrot og kålrabi. Og han kan lage raspeballane sjølv.

Komlemiddag

Jon Fosse kan sjølv lage yndlingsretten sin, raspeballar. Skal tru om han nyttar rivjern eller kjøkenmaskin til potetraspinga?

Foto: Eirik Gjesdal

I eit intervju i A-magasinet vart Fosse spurd om kva som er den verste frykta hans. Svaret: «At raspeballane eg lagar skal bli for lause og gå over til ».

Kva med raspeballar til søndagsmiddag for å feire nobelprisen?

Barn fortener ein fest

Fosse har skrive ni barnebøker.

Den første, «Uendeleg seint», skreiv han i 1989 etter ein ide frå eldstesonen, som då var åtte år. Boka handlar om ein gut som stel ein banan frå ei gammal dame.

Før tenkte Fosse at barnebøkene skulle vere all-alder-litteratur.

Barnebok av Jon FOsse. Del 3 av Hundemanuskripta

«Hundemanuskripta» (1995-97) er ein serie på tre barnebøker som handlar om hundar som står i typiske menneskesituasjonar. Hundar dukkar elles opp i mange rørande, morosame og meiningsmetta scener i bøkene til Jon Fosse.

Foto: Marion Hesholm / NRK

Mange år og fleire barn seinare, tenkjer han at barnebøker bør vere «ein fest», ikkje sosialrealistisk eller pedagogisk:

– Gud og kvinnfolk har vore gode mot meg, eg veit noko om ungar. (...) Dei fortener ein fest!

Det seier seksbarnsfaren i portrettboka til Cecilie Seiness «Poet på Guds jord».

Under nobelveka har han takka nei til alle intervju og arrangement i Stockholm, unntatt «Nobel i Rinkeby og Tensta». Der skal han treffe ungar på skulebiblioteka i forstadane til Stockholm.

Fiat og fjell

Når Jon Fosse skal reise, likar han best å køyre bil, men bykøyring gjer han stressa. Han likar lange distansar og føretrekker italienske og franske bilar.

Fosse har eigd tre Fiat Panda'er. Bilbladet «Motor» kallar Fiat Panda ein «knøttbarsk» bil som er eigna for det italienske fjellandskapet. Også for det norske, i alle fall om du spør Jon Fosse.

Fiat Panda

Fiat Panda slik modellen såg ut då han vart lansert i 1980.

Foto: Sven Storbeck

Tal og retning

Det er to ting Jon Fosse har trøbbel med. Det eine er å hugse tal og talkombinasjonar. Fødselsdatoar, nummer på hotellrom og telefonnummer. Det har hendt at han har installert seg på feil hotellrom.

Den andre tingen han slit med, er stadsans. Den kortaste drosjeturen nokon gong fekk han i Oslo. Han visste eigentleg kor han skulle og hadde vore der før, men han trong hjelp då han hadde gått 125 meter til høgre i staden for til venstre. Drosje vart løysinga.

Tysk veiskilt som peker i alle retninger (alle richtungen).

Jon Fosse seier sjølv at han ofte går seg vill, fordi han går for mykje i si eiga verd, i eigne tankar.

Foto: Colourbox / Daniel Rudolf

Erotikk

Då han vart intervjua av avisa Gula Tidend i 1983, var overskrifta: «Få inn erotikken og musikken i norsktimane!»

Han hevda at norskundervisninga vart dominert av trasige moralistar som underslo at stor litteratur er full av musikk og erotikk.

Musikken har han, jamfør punkt 3, fått inn i eigne bøker, men kva med erotikken?

I den andre romanen hans, «Stengd gitar» finst ein svært eksplisitt, nærast brutal sexscene, med bruk av folkelege nemningar på kjønnsorgana.

Såpass at det fekk kollega Siss til å raudne.

Seinare er erotikken ofte skildra i meir indirekte ordelag.

I Melancholia, der eg-personen er målaren Lars Hertervig (1830-1902), er dei erotiske skildringane del av sjalu vrangførestillingane til Hertervig.

Tekst frå Melancholia I-II av Jon Fosse. I dette utdraget frå Melancholia fantaserer hovudpersonen om at den han er forelska i, Helene Winkelmann, vert tafsa på av onkelen sin. 'Onkelen din har nok tatt på brysta dine, kanskje har han også tatt handa oppunder kjolen din? Eg veit det.'

Utdrag frå Melancholia (1999), der eg-personen er målaren Lars Hertervig (1830-1902). Hertervig studerte ei tid målarkunst i Düsseldorf, men sleit med psykisk sjukdom og måtte dra heim til Stavanger etter eitt år.

Foto: Marion Hestholm / NRK

I det siste gigantverket, «Septologien» finn ein pikante scener både med tenåringskjærastar og pedofilt tilbøyelege bygdeoriginalar involvert.

Og når den unge Asle vert oppmoda av den freidige Ales om å legge seg i sandkassa med henne, er det ikkje for å bygge sandslott – for å seie det sånn.

Tru og edruskap

Spørsmål om tru og moral går som ein raud tråd gjennom livet til Fosse.

Fosse meinte tidleg at han gjennomskoda den religiøse moralismen til bedehusmiljøet i Strandebarm.

Han melde seg ut av statskyrkja så snart han kunne.

Han hadde meir sympati for kvekarane, og deltok på nokre kvekarmøte i Bergen.

Seinare såg han mildare på bedehusmiljøet, der mellom anna hans kjære bestemor deltok. Han melde seg inn att i statskyrkja i 1993.

I 2012 tok han eit nytt standpunkt. Han hadde vore innlagd på sjukehus for å klare å slutte å drikke.

I ettertid har han halde seg edru, men det trongst påfyll av noko anna, noko andeleg. Han konverterte til katolisismen.

Etter seiande ber han dagleg.

Pave Frans

Pave Frans gratulerte Fosse med Nobelprisen 2023 i eit personleg brev.

Foto: AP

Pave Frans gratulerte Fosse med Nobelprisen i eit personleg brev. Fosse vart forundra, glad og rørt over brevet.

Sånn! No er du klar for nobelhelga og Jon Fosse ord for ord.

Les meir om nobelprisvinnaren her:

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor