Laster innhold, vennligst vent..
Potetball

Potetball med pølser, gulrøter og kålrabi.

Foto: Gunda Djupvik / altgodt.no

Potetball frå Sunnmøre

Det er på vinteren du skal lage potetball, komle, kompe, raspeball eller kva du kallar det. Då har potetene den rette konsistensen. Gunda Djupvik brukar havregryn i potetballoppskrifta.

Slik gjør du

Dette krev at du har ei rimeleg stor ballpanne, ei som tek omtrent 6-8 liter vatn.

Fjern svoren av baconet i eit stykke, og kutt kjøtet i bitar. Legg svoren i ei romsleg gryte som er halvfull med vatn, og la det koke opp.

Skrell dei rå potetene og mal dei med kjøttkvern eller med kniven i matmølla. Viss du vil, kan du la dei rå potetene ligge i eit klede i ei sil og renne av litt, væta som renn av gjer at du treng mindre mjøl i sjølve ballen. Mos dei kokte potetene og bland dei med dei malte, rå. Tilsett mjøl og havregryn saman med salt og pepar. Deigen skal vere ganske laus, men ikkje så laus at du ikkje klarer å handtere den.

Det er lurt å koke ein prøveball for å sjå om han er fast nok. Om ikkje vil han løyse seg opp i vatnet. Kunsten er å få ein ball som ikkje er for blaut, då løyser han seg opp i kokevatnet, men heller ikkje for fast, då kan du spele bordtennis med han. Du må rett og slett prøve deg litt fram. Øving gjer meister. Men la denne oppskrifta vere utgangspunktet. Ikkje lag ballane for store, små ballar reduserer koketida.

Væt hendene dine, og bruk ei stor skei eller ei sleiv. Form ballane runde, og viss du vil ha bacon eller flesk i lagar du ei grop der du legg fleskebiten. Du kan også bruke ein bit morrpølse viss du har det. Form ballen rund, og legg han på sleiva. La han gli lett ned i gryta. Vatnet skal vere rett opp mot kokepunktet, men det skal heller ikkje boble. Jobb sakte og systematisk, og skyv dei du allereie har laga forsiktig til side for å gi plass til dei nye.

Steikt bacon, kjøtpølser eller dampa mør er godt til. Og hugs rikeleg med smelta smør.

Tips

  • Ulike potetsortar er meir eller mindre lause i seg sjølve og krev ulik mengde med mjøl for å verte passe faste.
  • Laila, Folva, Beate eller Asterix er dei potettypane som egnar seg best til ball. Dei er ganske kokefaste, og har dermed lite væte i seg.
  • Har du berre mjølne poteter så kan du bruke dei og, men la då væta renne av i eit klede før du går i gang med å ha mjøl i balldeigen.
  • Nokre likar å ha litt kveitemjøl i ballen. Ta då litt mindre havregryn og tilsett nokre ss kveitemjøl.
  • Ballen skal ikkje koke, han skal berre trekke like under kokepunktet.

Kilde: Gunda Djupvik (altgodt.no) i radioprogrammet «Holm»/NRK P1+